Møre og Romsdal misser eitt mandat på Stortinget ved valet neste haust. For dei mindre partia betyr det at kampen om plassen på Mørebenken blir reine lotteriet.

For Kristeleg Folkeparti kan dette i verste fall bety slutten på 76 år med samanhengande representasjon frå fylket.

På det meste har partiet hatt heile tre av plassane på Mørebenken. Ved førre val kapra dei sisteplassen med eit naudskrik.

Frå neste stortingsval krympar Mørebenken igjen. Sist dette skjedde var ved valet i 2005. Då gjekk talet på stortingsrepresentantar frå fylket ned frå ti til ni. No blir talet redusert til åtte.

For innbyggjarane i Møre og Romsdal betyr det at dei er representert med mindre politisk kjøtvekt på Stortinget. Makta flyttar seg sakte men sikkert med folketalsutviklinga. Vinnarane der er dei største byane i landet — først og fremst områda kring Oslo.

Møre og Romsdal har tapt to mandat på 20 år, berre forbigått av Nordland som har gått frå 12 til ni. Oslo og Akershus har på same tid fått ni fleire mandat til saman. Denne gongen får desse to valdistrikta mandata som Buskerud, Møre og Romsdal og Oppland taper.

I tillegg til svekka posisjon for fylket, betyr ein ny reduksjon i talet på mandat også hardare kamp om dei gjenverande åtte i Møre og Romsdal. Det blir vanskelegare for dei tre største partia å ta meir enn to kvar, og for dei minste partia blir kampen avgjort av reine «lotteriet».

Det skal nemleg eit lite politisk jordskjelv til før andre parti enn Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre og Senterpartiet kan blande seg i kampen om dei sju diststriktsmandata. Dermed står kampen mellom dei andre partia om det åttande mandatet, utjamningsmandatet.

Ved valet i 2017 var det KrF og Steinar Reiten som sikra seg dette mandatet i fylket. Denne gongen klaffa det med også med rekkefølga målt i oppslutning i fylket, men det treng slett ikkje vere tilfelle neste gong.

Utjamningsmandatet kan like godt gå til eit parti lengre nede på lista, for her er det den nasjonale oppslutninga som avgjer. Parti som Venstre, SV og KrF har med andre ord like stor sjanse til å kapre dette siste mandatet om dei kjem over sperregrensa.

KrF i fylket har hatt plass på Stortinget utan avbrot sidan Einar Hareide og Sverre Reiten — Steinar Reiten sin bestefar, tok plass i 1945. I 1977 tok fylkespartiet heile tre plassar på Mørebenken.

Berre flaks kan altså hindre at denne rekkja både startar og sluttar med ein Reiten.