Krisepakkane som skal hjelpe næringslivet over koronakneika, vart rulla ut i rekordfart. Rask reaksjon og handling var heilt avgjerande for å hindre massekonkursar.

Noko av det som gjekk tapt med det høge tempoet, var treffsikkerheita i ordningane. Resultatet vart at nokre bedrifter som heilt klart burde fått hjelp, fell utanfor.

No er tida inne for å rette opp i dette.

Møbelbedrifta LK Hjelle AS i Sykkylven er ei av mange bedrifter som ikkje får nyte godt av dei statleg garanterte kriselåna – fordi dei hadde underskot i fjor. Ein stor snuoperasjon med nye eigarar, frisk kapital og ein ny strategi har gitt plusstal i rekneskapen tel ikkje.

Regelverket seier at ei bedrift som har gått med underskot eitt av dei to siste åra, skal få nei. Dei blir altså felt av «gamle synder». Finanspolitisk talsperson i Frp, Sylvi Listhaug, tar no opp saka med finansminister Jan Tore Sanner (H).

Sanner sitt svar bør ikkje vere å syne til at slik er regelverket.

Sjølvsagt må staten stille krav om sunn økonomi til dei som skal få krisehjelp. Krisepakkane skal hjelpe levedyktige bedrifter til å overvintre gjennom denne krisa, ikkje fyllast i uendelege tapssluk.

Statleg garanterte kriselån skal ikkje vere unntatt slike krav.

Problemet er at regelverket no ikkje skil mellom bedrifter som er på veg ned bakken og dei som er på veg opp. Verst er det om bedrifter som LK Hjelle, som kan dokumentere at dei faktisk har kome seg over kneika, blir dytta ned att av koronakrisa utan å få hjelp.

Slike bedrifter kan dokumentere at dei er livskraftige, berre ikkje med dei kriteria som vart sett i all hast då krisepakken på 50 milliardar vart vedteken.

Tilsvarande må det vere med gründer- og vekstbedrifter som hadde lav eller ingen inntekter i fjor, og stod klare til å hauste fruktene – til dømes no når turistsesongen skulle starte. Dei risikerer også å kome dårleg ut i den såkalla kontantstøtteordninga.

I begge desse tilfella er det snakk om bedrifter som kan dokumentere sunn økonomi, men likevel risikerer å bli dømde på historiske resultat.

Sanner lovde at bruk av skjønn måtte kompensere for manglande presisjon i regelverket og utforminga av krisepakkane. Denne lovnaden bør Regjeringa stå ved, og finansministeren bør formidle dette både til Giek som forvaltar lånegaranti-ordninga og bankane som møter kundane.

Vi bør ikkje ende opp slik at bedrifter som treng slik krisehjelp, ikkje får, og at den i staden går til bedrifter som hadde klart seg utan.