To kilometer med europaveg gjennom Ålesund sentrum blir slengt i fanget på Møre og Romsdal fylkeskommune. Det kan bli dyrt for fylkeskommunen. Det kan bety trøbbel for sentrumsutviklinga i byen.

For desse to kilometer veg er ikkje kva som helst slags vegstubb. Delar av vegen ligg ei tikkande kostnadsbombe. Den tikkar midt i ein viktig del av bypakken og midt gjennom den planlagte bydelen Sørsida, det største byutviklingsprosjektet i Jugendbyen.

Sørsida, bypakken og sentrumsutviklinga heng tett saman som eit trekløver. E136 gjennom sentrum er stilken som bind desse saman — for å halde oss til biologien.

Fylkeskommunen har tidlegare nekta å ta over ansvaret for vegstrekninga. Statens vegvesen vil bli kvitt den, og ynskjer at europavegen skal avsluttast på Flatholmen på nordsida av byfjellet Aksla — ikkje heilt til Skutvika som no.

Vegdirektoratet har valgt å overhøyre protestane frå eit samla samferdsleutval, og omklassifiserer vegen til fylkesveg over hovudet på fylkespolitikarane med Vegtrafikklova i hand.

I praksis er fylket avskore frå å klage på avgjerda.

Byråkratiet overkøyrer slik den lokalpolitiske viljen. I tillegg til det prinsipielt diskutable i eit demokratisk perspektiv, kan dette også få store praktiske konsekvensar både for Ålesund og fylkeskommunen.

Delar av vegen, Sjøgata, er bygd som ein kaikonstruksjon i betong for snart 60 år sidan. Som dei mange betongbruene som vart bygd på 60- og 70-talet betyr det at tida er moden for omfattande rehabilitering - i verste fall nybygg.

Botnen i delar av Ålesund hamn er også sterkt forurensa. Dette kan yttarlegare fordyre arbeid med denne strekninga. Når staten no kvittar seg med denne strekninga, kvittar den seg altså også med store framtidige kostnadar.

Alle som kjenner Møre og Romsdal fylke si allereie store gjeldsbelastning, veit at det kan by på problem. Fylket er også på veg inn som garantist for bypakken med viktige og kostbare prosjekt i same område. Ei ekstrarekning i her var det siste på ynskjelista.

Sjansane for å få fullfinansiert det store vedlikehaldetterslepet utan kamp er små.

For Ålesund kan dette bety at ein får ein pengelaus vegeigar midt i det mest attraktive området for byutvikling. Om fylket ikkje har råd til å ta rekninga for Sjøgata, kan det i verste fall bety ny usikkerheit om Sørside-prosjektet.

Fylket kan i praksis ikkje klage Vegdirektoratet si avgjerd om omklassifisering.

Kampen om pengane er likevel ikkje slutt. Den kampen bør Ålesund ta saman med fylket heilt opp til Regjeringa.