Snart er den siste attlevande aktive krigsdeltakar frå dei mørke åra frå 1940 til 1945 borte. Tidsvitna frå dei tyske utryddingsleirane kan heller ikkje lenger fortelje si historie direkte til oss.

Vi sender direkte fra markeringen ved Ålesund kirke. Se sendingen her:

75 år etter frigjeringa bør vi andre hugse å heise flagget — ikkje for å minnast krigen, men for å minnast kva vi vann.

Norge er eitt av dei mest demokratiske landa i verda. Vi ligg i topp på globale rangeringar over demokrati og pressefridom. Vi lever i eit land der vi er så heldige at vi stort sett kan seie det vi vil, tru på det vi vil og leve som vi vil.

Vi har eit samfunn som byggjer på demokrati, toleranse og menneskeverd. Vi kan halde våre styrande til ansvar ved val, og vi kan kritisere dei som sit med makt utan å verte forfølgde. Lovene og domstolane vernar oss mot overgrep frå styresmaktene.

Slik har det altså ikkje alltid vore. Slik er det heller ikkje i mange land elles i verda.

I fem år var Norge under åket frå eit av dei mest umenneskelege regima verda har sett i nyare tid. Det tyske nazistyret stod for brutal undertrykking av dei demokratiske verdiane og total forakt for menneskeverdet.

På fundamentet av forkvakla raseteoriar bygde det utryddingsleirar som sende seks million jødar og kanskje så mange som 1,5 millionar romfolk i døden. Homseksuelle og religiøse minoritetar som Jehovas vitne var også blant ofra i dødsleirane.

Vondskapen er vanskeleg å fatte. Så vanskeleg å fatte at vi gjerne trur den aldri kan gjenta seg.

Så vanskeleg at vi også kan ta freden og fridomen vi har for gitt.

Ser vi rundt oss , forstår vi fort at vi er privilegerte. Krig, konflikter og undertrykking er kvardag mange stadar i verda. Over 70 millionar menneske er idag på flukt eller internt fordrivne i eige land. Det er meir enn dobbelt så mange som for 20 år sidan.

Samtidig er det liberale demokratiet er under press i stadig fleire land. Også på det europeiske kontinentet er der krefter som vil sortere folk i «dei» og «oss», og her er også makthavarar som innskrenkar demokratiet og ytringsfridomen.

For 75 år sidan kunne våre forfedre heise flagget i dei nakne flaggstengene. La oss sjølve gjere det same i dag, for å minnast i takksemd dei som ofra så mykje for vår fridom og la oss heise flagget for å halde fast på fredens grunnvoll: Demokrati, toleranse og menneskeverd.