Aldri før har vi brukt like mykje oljepengar som no. Aldri før har behovet vore like stort. Aldri før har det vore så vanskeleg å vite om det er nok.

Finansminister Jan Tore Sanner (H) nær doblar bruken av oljepengar.

Likevel kan ikkje det berge oss frå ein brutal nedtur, berre gjere den litt mindre brutal.

Korona-krisa og det kraftige oljeprisfallet har påført norsk økonomi det verste sjokket i fredstid sidan «dei harde 30-åra». Vi må heilt tilbake til depresjonen i 1931 for å finne ein like bratt nedtur.

Regjeringa spår at fallet i brutto nasjonalprodukt kan bli på heile fire prosent i år. Arbeidsløysa kan bli på 5,9 prosent. Så høg arbeidsløyse har vi ikkje hatt sidan andre verdskrig. Skatteinntektene til stat og kommune stuper, og kostnadane aukar.

Enno veit vi ikkje kor lang denne nedturen vil bli. Fallet kan bli djupare enn det vi ser for oss no.

Ingen kan i dag lage sikre prognoser.

Norge har heldigvis solide statsfinansar, gode sosiale ordningar og eit næringsliv med stor evne til omstilling. Slik er vi langt betre rusta til å takle dette enn land som møtte krisa med høg statsgjeld og stor arbeidsløyse.

I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å bruke nær 420 milliardar i oljeinntekter. Det er 192 milliarder meir enn i statsbudsjettet, og tilsvarar 4,2 prosent av kapitalen i «oljefondet» ved inngangen av året.

Når heile verdsøkonomien stuper kan likevel ingen oljeformue verne oss mot turbulensen.

Krisemilliardane til næringslivet, idretten, kommunar og fylkeskommunar kan berre redusere skadane, berge fleire bedrifter gjennom krisa og gjere det lettare for oss å kome på beina att når det lysnar.

Jan Tore Sanner har lagt fram eit revidert budsjett som skriv seg inn i historiebøkene, godt hjulpe av opposisjonen på Stortinget som har pressa på for å auke omfanget på krisepakkane tidleg i korona-krisa.

Utan slik kraft i tiltaka ville mange i landet vårt hatt det langt vanskelegare enn dei har i dag. Fleire ville vore arbeidslause, fleire bedrifter ville ha gått konkurs og fleire husstandar hadde hatt slite med å betale rekningar og låneavdrag.

Utan at vi hadde lagt oljepengar til side i gode tider, kunne krisa ha truffe oss langt hardare. Den lærdomen må vi ta med oss vidare.

Vi må berre ikkje tru at det er slutt med dette. Næringslivet og kommunesektoren er klare på at dette er for lite. Om to veker kjem regjeringa sin eigen korona-kommisjon med sitt reknestykke.

Det vil fortelje det same.