Av og til kan det gå fort i svingane. Går det for fort, kan ein hamne i grøfta. Det har fylkesadministrasjonen i Møre og Romsdal gjort til gangs i valet av lokale til den nye tannklinikken for Stranda og Sykkylven.

Ein fylkeskommunal tannklinikk som i all hovudsak er til for barn, unge og eldre, må som minstekrav ha trafikksikker tilkomst. Det har ikkje denne. Tvert om.

Her er eit offentleg helsetilbod plassert midt mot eit trafikkfarleg punkt, og set svært mange barn i fare.

Tannklinikken i Sykkylven har lenge slite med at lokala den er i no, er små og dårleg eigna til dagens drift. Før jul vart det så vedteke at den fylkeskommunale tannklinikken i Stranda skal inn i same lokala.

Bakgrunnen var at fylkeskommunen reduserte talet på lokalitetar for tannklinikkane frå 35 til 18.

Faren med kryssing av den sterkt trafikkerte fylkesvegen vart ikkje vurdert då valet fall på eit næringsbygg ved småbåthamna. Kontrakt på 30 års leige er signert. Først i førre veke vart dette kjent for lokale politikarar.

Fylkeskommunedirektøren skulda mellom anna på tidspress då han skulle forklare tabben for politikarane i fylkesutvalet torsdag.

Dette tidspresset kan bli dyrt. Skal ein få forsvarlege forhold for brukarane av tannklinikken må anten fylkeskommunen annullere denne leigekontrakten eller gjennomføre omfattande trafikktryggingstiltak. Ikkje noko av dette er gratis.

Skal kontrakten annullerast, må fylkeskommunen rekne med å kjøpe seg ut av den.

Eit anna alternativ er å byggje fotgjengarovergangar og rundkøyring på staden. Det vil koste tosifra millionbeløp.

Uansett vil ikkje slike tiltak vere klare på kort sikt.

For å kome seg ut av knipa, ser det derfor ut til at ein må vente med samlokalisering av dei to tannklinikkane til det er ordna opp i desse tilhøva. Fylkeskommunen vil då vere pliktige til å måtte betale husleige for tre lokale på ubestemt tid.

Eit samla fylkesutval gir ein knusande kritikk av korleis denne saka er handsama av administrasjonen. Den kritikken bør administrasjonen merke seg.

Her er det inngått bindande avtalar med store økonomiske konsekvensar for fylkeskommunen, utan at saka er godt nok greidd ut og utan at ein har drøfta løysinga med kommunane denne tannklinikken skal tene.

Ordføraren i Sykkylven, som først fekk høyre om lokaliseringa i førre veke, krev no rundkøyring og gangfelt snarast.

Ei slik rundkøyring trengst sikkert. Hastverk med ein husleigekontrakt skal likevel ikkje vere det som tvingar fram ei så stor investering.