Koronarabatten på ferjebilletten kan bli ståande også etter at smitteverntiltaka er oppheva. Det kan bli resultatet av Framstegspartiet si heilomvending i striden om overføringar til ferjefylka.

No opnar nemleg partiet for knallhard kamp for å få fleire hundre millionar kroner meir til desse fylka.

Det er nye tonar frå partiet, men nye tonar kan også bli god musikk – denne gong for ferjeavhengige kystsamfunn.

Før jul braut uvêret laus i fleire kystfylke. Fylkestinga i Møre og Romsdal, Nordland og Vestland vedtok prishopp som ville gi pendlarar fleire titusen kroner i auka årlege utgifter. For enkelte bedrifter var det snakk om millionsummar.

Fleirtalet i fylkestinget i Møre og Romsdal skulda på statleg underfinansiering av ferjedrifta og at dei følte seg tvinga til å innføre autopass-regulativet. Frp avviste at fylket kunne skulde på staten og autopass, og hevda at dei hadde fått nok statlege pengar til ferjedrifta.

Partiet sat då i regjering, og samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) argumenterte på same måte då han møtte ferjeopprørarane i januar. Ingen lovnader og ein peikefinger mot fylket.

Ein månad etter dette var partiet ute av regjering.

Likevel møtte Helge André Njåstad (Frp) fylkespolitikarane med ei kald skulder i ferjehøyringa i Stortinget. Han synte mellom anna til Møre og Romsdal sitt store overskot.

Njåstad skal i vår forhandle med regjeringspartia om kommuneproposisjonen. No har han snudd heilt om.

Frp nektar i dag å godta at ferjetakstane skal bykse opp att når «koronarabatten» går ut i haust. Njåstad lovar knallhard kamp for fleire hundre millionar kroner meir til ferjefylka.

Regjeringa la i revidert nasjonalbudsjett inn 150 millionar til innfasing av meir miljøvennlege ferjer. Njåstad meiner det ikkje er nok og at det ikkje gir billegare ferjebillettar.

Målet til Frp er å låse inn nye ferjepengar til fylka, slik at dei ikkje kan brukast til anna. Partiet vil ikkje ha dette som frie inntekter til fylkeskommunane.

Kva modell ein til slutt landar på, betyr ikkje noko for ferjeopprørarane langs kysten. Det som betyr noko er kva billetten kostar. For mange er det dette som avgjer om dei kan bu og drive bedrifter i ferjeavhengige kystsamfunn.

Frp si krappe kursendring gir nytt håp. Partiet er i posisjon til å dreie regjeringa inn på same kurs.

No står det att bruke denne makta – til meir enn politisk spel.