Tysdag skal Stortinget etter planen vedta omfattande endringar i bioteknologilova. Dette forslaget, som Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Framstegspartiet står bak, skal behandlast utan ordinær offentleg høyring og utan at viktige fagmiljø har fått vurdert konsekvensane.

Forslaget omfattar ei rekkje ulike tilbod som eggdonasjon, utvida testing av befrukta egg for genetiske eigenskapar (preimplantasjonsdiagnostikk), assistert befruktning for einslege, samt tidleg ultralyd og NIPT-test (fosterdiagnostikk). Sjølv om fleire tema er blitt diskutert tidlegare, er andre forslag nye, og det konkrete lovframlegget er ikkje sendt ut på høyring. Det er ein uvanleg framgangsmåte, og det er svært uheldig at nye lovparagrafar blir til utan brei, offentleg debatt.

Ap og SV har omtalt dei omfattande endringane i bioteknologilova som tiårets framsteg for likestilling. Dei som er kritiske til lovforslaget, blir stempla som konservative bakstrevarar. Denne grove overforenklinga kamuflerer effektivt viktige etiske spørsmål som ikkje blir belyst. Kvifor er det så få som protesterer mot den openberre diskrimineringa av menneske med kromosomavvik i lovforslaget? Kvifor skal vaksne sine ønsker og behov vege tyngre enn barna sine behov? Kvifor skal samfunnet legge til rette for at barn blir født utan far? Kva skjer med vårt syn på det å vere menneske, når teknologien opnar for at vi i stadig større grad kan redigere menneskes genar og skreddarsy eigenskapar?

Bioteknologi byr på mange moglegheiter, både på godt og vondt. Forslaga til endringar i bioteknologilova kunne ha opna for viktige debattar om teknologi, etikk og menneskeverd. Både på venstre- og høgresida i politikken er det folk som maner til refleksjon og ettertanke, nettopp for å sikre eit samfunn med plass til alle i framtida.

Det er svært kritikkverdig at grupper som blir direkte råka av lovendringa, ikkje ein gong har fått høve til å uttale seg. Det gjeld til dømes Norsk Nettverk for Downs syndrom, den nasjonale interesseorganisasjonen for Downs syndrom. Dei har rik erfaring når det gjeld fosterdiagnostikk, og kunne ha bidratt med vesentlege innspel.

«Jeg frykter et samfunn der foreldre indirekte blir presset til å velge bort de av oss som er annerledes» seier forfattar og menneskerettsforkjempar Thorvald Steen, som saman med fleire andre ber om betre tid til å diskutere dei konkrete forslaga.

Dersom Ap, SV og Frp får fleirtal for sitt hastverksarbeid tysdag, er det dei aller mest sårbare i samfunnet som kan bli ramma.