Maritim næring er ramma av ei dobbel krise, men kan ende opp med halv krisehjelp. Det er alvorleg for mange av dei nær 90.000 som har sitt arbeid i denne næringa.

Den delen av krisepakken til norsk industri som særleg er retta mot denne næringa, er for spinkel.

Alt før oljeprisen stupte og koronapandemien stengde samfunnet hadde mange maritime bedrifter kniven mot strupen. Den situasjonen ser ut til å ha hamna i koronaskuggen for Regjeringa.

Maritim næring er ei viktig næring for Norge i dag. Allereie i dag har den ei verdiskaping på nær 150 milliardar – rundt åtte prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP). Maritime bedrifter er sjølve ryggrada i næringslivet i mange kystsamfunn på Vestlandet.

Berre i Møre og Romsdal har rundt 13.000 sitt arbeid i denne næringa.

Minst like viktig er det likevel å sjå kva næringa kan bety i framtida. Norge er ein havnasjon, og må også i framtida hente store delar av sine inntekter derifrå. Dette er også klart uttalt frå eit breitt politisk fleirtal på Stortinget.

Ei viktig brikke i vår omstilling bort frå ein sterkt oljesmurt økonomi går gjennom ei maritim satsing, eller satsing på «havrommet» som enkelte vel å kalle det. Økonomien vår må bli meir blå, og den blå økonomien må flyttast i ei grøn retning.

Skal vi lukkast med denne omstillinga, kan vi ikkje la den maritime næringa forblø.

Vi treng bedrifter med kraft til å ta tunge løft. Vi treng innovasjonsevna og kompetansen som ligg i denne næringa i dag.

Vestlandsindeksen, som vart offentleggjort same dag som næringsminister Iselin Nybø (V) la fram den maritime krisepakken, fortel at kvar femte bedrift innan shipping, transport og lagring ikkje vil klare seg utan ytterlegare krisepakkar. No omfattar denne gruppa berre ein del av bedriftene i maritim næring, men biletet er uansett dramatisk nok.

Vi veit frå før kor store økonomiske problem særleg dei store verfta og offshorereiarlaga har hatt etter oljekrisa i 2014. Om ikkje dei klarer å snu dette, kan heile den maritime klynga bli alvorleg svekka – også utstyrsleverandørane, som så langt har klart seg betre.

Kompetansen og utviklingskrafta som ligg i denne næringa, er ferskvare. Lar vi dette forvitre, vil konsekvensane for framtidig verdiskaping bli store.

Hovudansvaret for å kome seg gjennom krisa, ligg på bedriftene sjølve.

Utan kraftfull krisehjelp frå fellesskapet, er likevel tapet for fellesskapet det mest alvorlege.