Ålesund kommune må ta store kutt for å få orden på økonomien. Kommunaldirektøren har varsla at driftskostnadane må barberast med 344 millionar, og vil ta det over to år.

Det kan bli smertefullt og setje samhaldet i den nye storkommunen på prøve.

Skal dei folkevalde kome i mål med dette, kan dei vanskeleg unngå nedlegging av tilbod. Få ting triggar protestane meir enn det.

Kommunen har i dag eit stort overforbruk. Utan at det blir sett inn tiltak allereie no, kan meirforbruket bli på heile 257 millionar i år. Kva den fulle effekten av korona-pandemien blir på lang og kort sikt er på toppen av det heile enno ikkje klart.

Kutt er altså ikkje til å unngå. Ingen kan i lengda bruke meir enn det ein tener. Kutta blir ikkje mindre vonde av det.

Sjølvsagt er det rom for effektivisering av drifta og slanking av administrasjonen. Ikkje minst må ein ta ut gevinstar av å ha slått saman fem kommunar til ein og styrke digitaliseringa, men effekten kan la vente på seg. Kostnadane til omstilling kjem alltid før gevinsten.

Uansett vil ein ikkje kome seg unna dette utan å kutte i tilbod.

Skuletilbod ligg allereie på blokka, blant anna organiseringa av tiltak for elevar som i dag har eit tilpassa tilbod på Broen og Stafsetneset skole. PPT-tenesta har også sparekniven hengande over seg.

Alt dette kan råke elevar som treng ekstra hjelp og støtte.

I tillegg er 50 lærarstillingar på kuttlista. I kjølvatnet kjem endra skulegrenser og struktur. I sum: Større klasser og fleire elevar per lærar.

I helse- og omsorgssektoren kan institusjonar bli slått saman eller nedlagde. Her skal det kuttast i administrasjonen, men også i vikar- og overtidsbruk. I sum: Færre hender i arbeid. Det blir også færre som får plass på sjukeheim.

Samanlikna med kuttet Ålesund må ta, er budsjettkuttet på 112 millionar kroner i Møre og Romsdal fylkeskommune før jul nesten som småpengar å rekne.

Alle veit kva det førte til av elev- og lærarprotestar, fakkeltog og ferjeopprør.

Krone for krone er det snakk om langt større innsparingskrav i Ålesund, men også som prosentvis del av totalbudsjettet.

Så omfattande kutt vil gi bråk.

Det er skilnad på å barbere seg og skjere av seg nasen, men her vil det uansett bli vanskeleg å unngå djupe sår.

For ein ny kommune på sin aller første seglas blir det vondt. Sjølv om det er den økonomiske kursen til dei gamle kommunane som har ført inn i dette farvatnet, kan det bli tilliten til og entusiasmen rundt den nye kommunen som får blø.