Færre enn kvar tredje lærar meiner dei har klart å følgje opp sårbare elevar godt nok i den tida skulane var koronastengde. Dette er urovekkjande.

Talet fortel ikkje noko om kor alvorlege konsekvensar dette kan ha fått. Likevel gir det grunn til å frykte at mange elevar som allereie hadde det vanskeleg, har fått det verre.

Når handteringa av koronakrisa skal evaluerast, må dette bli eitt av dei viktigaste for skulesektoren.

Talet kjem fram i Utdanningsdirektoratet si spørjeundersøking blant lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar om korleis koronautbrotet påverka skulen. Undersøkinga er utført av NIFU.

Sjølvsagt kan ein ha gode forklaringar på kvifor det vart slik. Før krisa hadde svært få skular kompetanse og erfaring med fjernundervisning. Så vart dette brått hovudregelen. Lærarane måtte på kort tid skaffe seg ny, digital kompetanse, og fekk mykje ekstraarbeid med å legge til rette undervisninga.

I sum kan ein seie at undersøkinga fortel at skule-Norge har takla dette imponerande godt. Skulane har gjort ein kjempeinnsats, og dei fleste lærarane har strekt seg langt for å få dette til. Både viljen og evna til å omstille seg har vore god.

Så er der altså unntak som må få konsekvensar.

Uroa for at nettopp dei mest sårbare elevane ville kome til å verte skadelidande, kom på dagsorden allereie dei første dagane etter at skulane stengde. Skulane fortel at dei har gode system og god oversikt over kva elevar dette gjeld.

Likevel sviktar skulen på dette.

Lærarane fortel mellom anna at dei har mangla rutinar for korleis dei skal kontakte føresette til elevar dei ikkje har fått kontakt med i denne perioden.

Heile 60 prosent av lærarane svarar at dei berre delvis har klart å følgje opp sårbare elevar godt nok. Seks prosent svarer nei på spørsmålet. Tala er tilnærma like for vidaregåande skule og grunnskulen.

På kort sikt må ein no sørgje for at dei skadelidande elevane får ekstra oppfølging, slik at dei kan ta igjen det tapte i den grad det er råd. På lengre sikt må skulane og skuleeigarane sørgje for å etablere rutinar, system og kapasitet til å takle slike situasjonar betre.

Er det noko koronakrisa har lært oss, er det at vi må ha betre kriseberedskap. Dette gjeld på alle samfunnsområde.

Alle kriseplanar må ha fokus på kvar vi er mest sårbare. For skulane viste det seg altså at dette var dei mest sårbare.

Ei ny krise kjem – stor eller lita. Då må desse elevane ha betre vern og hjelp.