Sunnmørsposten meiner:

«Det er nødvendig å protestere mot maktmisbruk»

Protest: Dødsfallet til George Floyd har utløyst demonstrasjonar mot rasisme og politivald over heile verda.  Foto: Andres Leighton AP/NTB scanpix

Denne grunnleggande sanninga som vårt samfunn er basert på, må stadig gjentakast

Leder

Dei kloke orda til Nelson Mandela er verdt ei påminning i desse dagar: «Ingen er fødd med hat mot andre på grunn av hudfarge, bakgrunn eller religion. Folk må lære å hate, og dersom dei kan lære å hate, kan dei også lære å elske»

Dødsfallet til George Floyd har utløyst demonstrasjonar over heile verda mot politivald i USA. Videoen som viser korleis Floyd blir ignorert når han ber om å få puste, er hjarteskjerande og har skapt rettferdig harme. George Floyd er ein av mange afroamerikanarar som har mista livet på grunn av brutal politivald.

Det er nødvendig å protestere mot maktmisbruk og diskriminering. Fredelege markeringar viser at folk tek avstand frå urett, og det gir håp for framtida. Også i Norge er engasjementet stort, ikkje minst digitalt. Tusenvis har signert underskriftskampanjen til Amnesty International der det blir kravd rettferd for George Floyd. Brevet går til USAs justisminister med krav om endringar i måten politiet jobbar på. Amnesty og andre menneskerettsorganisasjonar jobbar systematisk for å få slutt på diskriminering og rasisme, og utfører eit svært viktig arbeid.


– Dette har pågått i 400 år!

Rasismen har alltid vært der. Den ble bare litt stillere i åra etter borgerrettsmarsjene, sier Tricia Boutté. – Nå har presidenten begynt å selge kamuflasjefargede luer under mottoet «Join the Trump army».


I helga vart det også gjennomført store demonstrasjonar i fleire norske byar. Mange av demonstrantane hadde utstyrt seg med munnbind og sørga for å halde god avstand. Likevel var det andre som velde å bryte reglane, og vi forventar at dei er ekstra påpasselege når det gjeld smittevern framover.

Politiet er blitt kritisert for ikkje å stoppe dei store demonstrasjonane i helga, men dei gjorde det einaste rette. Ytringsfridomen står sterkt i Norge, og ein politiaksjon kunne ført til svært harde samanstøyt, og nye skuldingar om politivald. Sjølv om vi ikkje kan samanlikne USAs rasismeproblem med forholda i Norge, må vi likevel erkjenne at rasistiske haldningar finst også i vårt land. Det er viktig å lytte til dei som opplever forskjellsbehandling, slik at vi kan finne ut korleis problema kan løysast.

Alle menneske er like verdifulle, uavhengig av kjønn, alder, hudfarge, etnisk opphav, seksuell legning eller funksjonshemming. Denne grunnleggande sanninga som vårt samfunn er basert på, må stadig gjentakast. Det same gjeld orda til Mandela om å velje kjærleik framfor hat. Menneskes likeverd må alltid forsvarast.


140.000 George Floyd-underskrifter i Norge på et døgn

Amnesty setter ny rekord i antall underskrifter i aksjon for George Floyd. – Vi har aldri sett et slikt engasjement, sier generalsekretær John Peder Egenæs.



Obos-ansatte som demonstrerte, må i karantene

Ansatte i boligutvikleren Obos som var med på George Floyd-demonstrasjonene, blir av smittevernhensyn bedt om å holde seg hjemme fra jobb de neste ti dagene.



Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder