«Sårbare barn treng ivrige kommuner»

Heng etter: Sårbare barn vart ekstra utsette av koronatiltaka, og fekk også eit svekka tilbod. Framleis heng kommunane etter i gjenopninga av desse.  Foto: Sara Johannessen / SCANPIX (illustrasjonsfoto)

Leder

Først vart tilbodet til sårbare barn og unge offer for unødvendig strenge smitteverntiltak. No er dei same tilboda råka av unødvendig sein gjenopning etter at dei nasjonale smitteverntiltaka har vorte letta på.

Ikkje berre er det beklageleg og urovekkjande. Det er også heilt uforståeleg.

Merksemda om sårbare barn og unge har vore høg heilt frå første dag då kampen mot koronapandemien sette inn for fullt i mars. Likevel er altså tilbodet framleis sterkt redusert for mange.


Langt igjen til «normalen» for utsette barn

Helsetenesta og barnevernet er treige med å opne opp, noko som rammar utsette og sårbare barn, fastslår ein fersk rapport. For strenge smitteverntiltak får mykje av skulda.


Kordineringsgruppa for tilbudet til sårbare barn og unge under Covid-19-pandemien har levert sin fjerde rapport. Den syner at tilbodet til denne gruppa framleis er skadelidande.

Fleirtalet av skulehelsetenestene, helsestasjonar for barn og ungdom og kommunale helsestasjonar opererer framleis med eit redusert tilbod. Det same gjer kvart femte krisesenter og 15 prosent av dei kommunale barneverntenestene.


Opposisjonen kritisk til at regjeringen holdt igjen koronarapport om barn

Ap og SV reagerer på at regjeringen ventet ni dager med å offentliggjøre rapporten som viser at overdrevne smitteverntiltak har rammet sårbare barn.


I tillegg kjem sommartilboda til å verte sterkt redusert i sommar. Dette er tilbod som til vanleg vert arrangert av frivillige organisasjonar og kommuner. Sju av ti planlegg færre eller ingen aktivitetar.

Dette er for dårleg. Sjølvsagt kan ein ha forståing for at ikkje alt gjekk knirkefritt frå første dag i ein heilt ekstraordinær og uoversiktleg situasjon. Helsepersonell vart omdisponert og alle involverte etatar måtte omstille seg til ein ny arbeidskvardag på svært kort tid.


Kommuneoverlege gir tommel opp for publikum på Leangen travbane

Leangen har fått grønt lys fra kommuneoverlegen i Trondheim til å ha snaut 600 tilskuere under Midtsommertravet senere i måneden, skriver Adresseavisen.


No er situasjonen meir under kontroll. Frisørar, barar og fotterapeutar har opna dørene att, og driv tilnærma normalt med skjerpa hygiene- og smitteverntiltak. Det skulle berre mangle om ikkje helsestasjonar, krisesenter og barnevernet kunne gjere det same.

Direktør i Bufdir, Mari Trommald, seier det er vanskeleg å forstå at det tar så lang tid å normalisere tenestene til barn og unge. Ho meiner at tilbodet no burde ha vore tilbake i vanleg drift.

Samfunnet må prioritere sårbare barn og unge sine behov for hjelp og støtte høgre enn alle andre sitt behov for å stusse luggen eller få tatt pedikyr.


Frisørene har åpnet igjen – Raja og Høie først i køen

Regjeringsmedlemmer strømmet til frisørene da de åpnet igjen mandag. Både helseminister Bent Høie og kulturminister Abid Raja fikk skrotet «koronasveisen».


Det er viktige saker det óg, både for dei som skal ha det gjort og for dei som lever av å gjere det. Likevel er det ikkje så viktig som å gi støtte til barn som bor i heimar med høgt konfliktnivå, har lærevanskar, er offer for vald eller overgrep eller som slit med psykiske vanskar.

Mange kommunar var svært ivrige til å innføre strengare tiltak enn dei nasjonale tilrådingane for å verne eigne innbyggjarar, særleg dei eldre.

No treng også dei mest sårbare unge vern, hjelp og støtte. Kommunane bør vise like stor iver her.