Politiet fjerna torsdag blokaden av vegen opp til Haramsfjellet for å gi fri veg for anleggsmaskinene. Kort tid etter at vegen var opna, køyrde dei første maskinene opp på fjellet med politieskorte.

Utbyggjar er med dette eitt steg nærare å starte arbeidet med vindkraftverket, men det er langt frå slutt på all motstand.

Tvert om så gjer aukande folkeleg og politisk støtte motstandarane klare til ein langvarig aksjon. Aksjonar åleine kan likevel ikkje endre regjeringa si avgjerd tidlegare i år om å stadfeste utbyggjaren sin rett til å byggje kraftverket.

Protestar og demonstrasjonar som har som mål å hindre eller stogge ei utbygging som dette, er ein del av dei grunnleggande rettane i vårt demokrati. Vi har rett til å seie vår meining. Vi treng ikkje bøye oss for politiske vedtak, sjølv om alle klageinstansar har sagt sitt.

Aksjonen på Haramsøya nyttar seg av denne retten. Etter at blokaden var fjerna, heldt vindkraftmotstandarane fram med å hindre transporten opp på fjellet. Så lenge det skjer utan lovbrot, ligg det godt innanfor dei demokratiske spelereglane.

Så har også utbyggjar sine rettar. Ein kan godt vere kritisk til måten saka har vorte behandla på, og vere usamd med Olje- og energidepartementet sin konklusjon i behandlinga av klagen. Like fullt har utbyggjar fått eit klarsignal frå øvste hald i det utøvande maktapparatet vårt.

Så lenge ein domstol ikkje har slått fast at det motsette er tilfelle, så handlar også utbyggjar i tråd med sin rett.

Politiet si oppgåve er at begge partar får teke i vare sine rettar, altså å la aksjonistar aksjonere og la utbyggjar starte utbygginga — same kor sjølvmotseiande dette kan høyrest.

Motstanden mot vindkraftutbygging føyer seg inn den lange kampen for naturvern og mot slikt som klimautslepp, vasskraftutbygging, gruvedeponi og oljeutvinning. Slik motstand er med på å flytte politikk og lovverk til det beste for natur og miljø.

Aksjonar kan likevel ikkje åleine stogge det enkelte prosjekt. Her er det berre styresmaktene eller domstolane som kan setje foten ned.

Aksjonane på Haramsøy vil likevel halde fram så lenge det er liv i kampviljen, håpet og trua på at domstolane vil støtte påstanden om at konsesjonen er rettsstridig.

Så langt er det all grunn til å gi ros til både vindkraftmotstandarar, politi og utbyggjar for å halde konfliktnivået lågt, sjølv om kjenslene er sterke. Motstanden er markert på verdig vis, i stor grad på rett side av lova.

Det tener saka, bodskapen og demokratiet om det held fram slik.