Styret i Helse Møre og Romsdal har samrøystes vedtatt å godkjenne optimalisert forprosjekt for sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR), sjølv om det står att å kutte 176 millionar kroner. Dermed er det klart at bygginga av fellessjukehuset på Hjelset kan kome i gang før nyttår. Etter planen skal det vere full drift i det nye sjukehuset frå 1. mai 2024.

Mange på Sunnmøre er uroa over at kostnadssprekken ikkje vert tatt på alvor. Ivar Østrem, som sat i styret i Helse Midt-Norge då SNR i si tid vart vedtatt, har etterlyst ny berekraftsanalyse. Før styremøtet sist onsdag uttalte han til Sunnmørsposten at overskriding på 176 millionar kroner skaper ekstremt stor risiko for at all anna helseteneste i Møre og Romsdal kan bli svekka.

Når styret i helseføretaket no gir klarsignal til bygging sjølv om innsparingsmålet ikkje er nådd, ventar vi at styret tek ansvar og sørger for at prosjektet held seg innanfor rammene. Det kan på ingen måte aksepterast at overforbruk på SNR skal gå utover pasientane på Sunnmøre. Både ved sjukehusa i Ålesund og Volda er det behov for investeringar for å kunne tilby eit framtidsretta tilbod. Det er behov for klare og tydelege garantiar for at utviklingsplanen for sjukehusa på Sunnmøre blir gjennomført, på same måte som det er gitt garantiar for sjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Det er Sunnmøre som har den sterkaste folketalsveksten. Dersom SNR går utover sine rammer, må Helse Midt-Norge sørge for at føretaket får tilført ekstra midlar.

Styringsramma for heile sjukehuset Nordmøre og Romsdal er på 4,59 milliardar i 2020-kroner, inkludert moms. Det omfattar akuttsjukehuset på Hjelset, distriktsmedisinsk senter (DMS) i Kristiansund, samt prosjektering, administrasjon, utstyr og infrastruktur som vegar etc. Når det gjeld akuttsjukehuset har det lukkast å redusere prognosen frå Forprosjektet med over ein halv milliard kroner. Framleis står det att 176 millionar kroner for at prosjektet skal vere innanfor rammene. På spørsmål om korleis desse millionane skal kuttast, svarer prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal slik, ifølge Romsdals Budstikke: «Vi skal ikke forte oss med de siste 176 millionene. Hver av de millionene har følger. Hvis vi løper hodeløst videre, er det noen som får en regning etterpå. Derfor vil vi skynde oss langsomt med de siste millionene».

Det kan vere fornuftig å tenke seg om, men prosjektdirektøren må ikkje skunde seg for langsamt. Det er ikkje rom for kostnadsoverskridingar.