Politiet undersøker to dødsfall i rusmiljøet i Ålesund. To personar i 20-åra døydde sist veke, og politiet fryktar at eit farleg narkotisk stoff er i omløp i byen. Det er viktig at denne informasjonen når ut til alle. Vi har ingen å miste.

Ålesund kommune har fleire lågterskeltilbod innan psykisk helse og rus, både med erfaringskonsulentar og oppsøkjande rusteam. Når rusteam er blitt etterlyst i samband med dei tragiske dødsfalla, kan det vere at informasjon om ulike hjelpetiltak ikkje har nådd ut til alle. Ikkje minst for pårørande er det vesentleg å vite kvar det er hjelp å få.

Rusmisbrukarar er inga einsarta gruppe. Årsakene til at folk rusar seg kan vere vidt forskjellige, og derfor er det også behov for ulike tilbod for å nå ut til dei som treng hjelp. Frivillige organisasjonar utfyller det offentlege tilbodet. Både Frelsesarmeens varmestove, Kirkens Bymisjon, Suppebilen, Blå Kors og ulike foreiningar og idrettslag kan gi viktig støtte til dei som slit.

Line Sortehaug Grønlie fortalde om si historie til Sunnmørsposten sist veke, og den gjorde sterkt inntrykk på mange. For to år sidan var ho sprøytenarkoman, og følte at livet ikkje var verd å leve. Saman med ektemannen hadde ho i mange år levd eit dobbeltliv, med fin fasade og fast jobb, samtidig som dei begge rusa seg. Då barna vart tatt frå dei, og alt rasa saman, stod dei på bar bakke. Etter avrusing, vart fysisk trening og fellesskap avgjerande viktig for å finne ei ny retning på livet. Prosjektet «Idretten Skaper Sjanser» er eit aktivitetstilbod for rusavhengige, og handlar om at idretten kan aktivisere og inkludere dei som fell utanfor. Tysdag kom gruppa til Ålesund etter å ha sykla frå Oslo.

Nettopp openheit, og det å vere ærleg om historia si, meiner Line Sortehaug Grønlie er viktig for å unngå å falle tilbake til rusen. Takka vere hennar openheit, kan andre sjå at det er håp sjølv når livet er mørkast. Historia gir også inspirasjon til alle som ser på idrett som ein arena for meistring og inkludering.

Årsakene til rusproblem kan vere mange og samansette, og det finst sjeldan enkle løysingar. Første steg er uansett å erkjenne problema, slik at det er muleg å både gi og ta imot hjelp. Openheit og sakleg, god informasjon er avgjerande for å førebyggje tragediar.