Nesten kvar tredje arbeidstakar i Norge arbeider i offentleg sektor. Veksten i det offentlege forbruket har vore skyhøgt det siste tiåret.

Forklaringa på at det er slik, er at vi har høge ambisjonar for velferda. Forklaringa på at vi kan ha det slik, er oljeinntektene våre.

Med krympande oljeinntekter og vekst i talet på alderspensjonistar må vi legge om kursen for å unngå havari.

Leiar i NHO-avdelinga Norsk Industri, Stein Lier-Hansen, sa i eit intervju med NTB i helga at offentleg tilsette må bli færre, og at det er deira viktigaste bidrag i korona-dugnaden. Han syner til at det er privat sektor som har tatt den tyngste støyten i krisa.

Slike utsegner provoserer sjølvsagt mange, og det med god grunn. Svært mange i offentleg sektor har stått i frontlinja i kampen mot pandemien Ikkje minst gjeld dette tilsette i helsesektoren, men også tilsette i Nav og andre etatar.

Og når leiaren for Norsk Industri sin søsterorganisasjon i NHO, Abelia, kritiserer Lier-Hansen sitt utspel for å vere kontraproduktivt, er det difor også med minst like god grunn.

Ingen av dei som har vorte permitterte, tapt inntekt og fått svekka jobbtryggleik ville hatt det betre om tilsette ved sjukehus, helsestasjonar, Nav-kontor, politi, skular, direktorat eller barnevern hadde blitt sett i same båt.

Tvert om. Det ville berre ha forsterka krisa.

Det veit sjølvsagt også Lier-Hansen.

Nettopp difor kan det vere lett å avvise utspelet som lite gjennomtenkt og resultat av dårleg solskjerming av lokala til Norsk Industri i sommarvarmen.

Det er synd. Lier-Hansen peikar nemleg på viktige utfordringar både på kort og lang sikt, men klarer altså å drukne dette i lettbeinte forenklingar og karakteristikkar.

Det siste dryge tiåret har veksten i offentleg forbruk vore dobbelt så høgt i Norge som i land vi kan samanlikne oss med. Dette er eit resultat av at vi kom betre gjennom finanskrisa enn mange andre og statsbudsjetta har blitt grundig smurt med oljepengar for å gli gjennom Stortinget i år etter år.

Denne kursen er ikkje farbar i lengda. Før eller seinare vil vi ende på grunn.

Enten må vi kutte i velferda, eller så må vi auke skattane, jobbe meir eller jobbe smartare. Kanskje må vi gjere litt av alt dette, men vi bør absolutt prioritere det siste. Vi må organisere oss betre, vere meir effektive og finne smartare løysingar. Det gjeld privat sektor, og det gjeld offentleg sektor.

Vi må også vakte oss for å la offentleg sektor vekse ukontrollert på kostnad av utviklinga i konkurranseutsett næringsliv.

Dette er utfordringar som er for viktig til at vi kan la diskusjonen drukne i lettbeinte forenklingar og karakteristikkar av innsatsen som vert gjort av offentleg tilsette.