Sunnmørsposten meiner:

«Må ha meir til skredsikring»

Skredsikring: Vallabøen i Ørsta vart nyleg sikra med ein 400 meter lang skredvoll der staten dekte storparten av kostnadane, men for svært mange er det i dag altfor vanskeleg å få del i dei statlege skredsikringskronene. 

Leder

Klimaendringane gjer at vi får meir skred og flaum i Norge framover. For tusenvis av husstandar og bedrifter som i dag er lokaliserte i utsette område, betyr det at risikoen for alvorlege naturskadar aukar.

Det er alltid betre å førebyggje enn å handle først etter at ulykka har skjedd.

Difor er det heilt naudsynt med tiltak og tryggleikskrav som reduserer risikoen. Så må fellesskapet sørgje for at dette ikkje blir ei bør som dei som lever med slik risiko må bere åleine.


Statsbudsjettet:

84,4 millionar til rassikring i Møre og Romsdal – dette skal pengane gå til

Regjeringen løyver nær 1,9 milliardar kroner til rassikring på riks- og fylkesvegar. Vestland fylke stikk av med meir enn halvparten. 84,4 millionar går til fylkesvegar i Møre og Romsdal.


Ordførar Stein Aam (Sp) i Ørsta seier til NRK at storsamfunnet må stille meir opp for dei mange som har blitt pålagt restriksjonar etter at det er blitt utarbeidd skredsonekart. Fleire tusen bur i faresoner for skred, men har korkje krav på støtte til å trygge eigedomen eller til å flytte.

I tillegg er der soner der det er krav om særleg aktsemd og område som er utsette for flaumfare. Til saman er det snakk om meir enn 300.000 som i større eller mindre grad er omfatta av ulike avgrensningar på korleis dei får utnytte og utvikle eigedomane sine.


Skal sikre bustadhus:

Byggjer 400 meter lang skredvoll i her

Arbeidet med skredvollen på Vallabøen har kome langt på kort tid.


Kommunane må på si side vere restriktive når dei handsamar byggjesøknader og regulerer område. Kommunane har ikkje lov til å gi byggeløyve dersom det ikkje er trygt, og kan risikere økonomisk ansvar om dei gjer det.

I nokre tilfelle må grunneigar sjølv betale for dokumentasjon på at område i fare- og aktsemdsoner likevel er trygge.

For mange betyr dette at dei ikkje får utvikle eigedomane sine vidare, eller at dei må betale for kostbare ekspertrapportar eller ras- og flaumsikringstiltak. Resultatet av dette blir at mange etterkvart kan bli tvinga til å leggje ned drifta, og kanskje flytte frå gard og grunn.

Staten gir i dag støtte til større sikringsprosjekt gjennom NVE. Vallabøen i Ørsta er ein av stadane i Møre og Romsdal som i løpet av dei seinare åra har blitt sikra gjennom slike løyvingar, der tilskot frå NVE dekte 80 prosent av kostnaden.


NVE får 100 millionar kroner ekstra til flaum- og skredsikring

Ei rekkje tiltak for å hindre flaum og kvikkleireskred blir påskunda etter at Stortinget har sett av 100 millionar kroner ekstra til NVE.


For mindre ras- og flaumsikringsprosjekt har ein ikkje like gode ordningar. Krav om krevjande og kostbare tryggingstiltak blir derfor i stor grad lagt på den enkelte grunneigar.

Sjølvsagt er det eit mål med skred- og flaumkarta at vi for framtida kan styre utbygging til område der det er liten fare for naturskade. For dei som allereie bur i område som er definert som skadeutsett må fellesskapet trå til.

Mindre sikringsprosjekt må få ein enklare veg til støtte, og offentlege løyvingar til skred- og flaumsikring må aukast. Berre slik kan vi sørge for god utvikling også av slike område.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder