Når det er strengare smittevernreglar for leigearbeidarar som skal bygge skip enn for legar som skal behandle sårbare eldre og sjuke, er noko alvorleg gale. Det har regjeringa no forstått, men det tok sanneleg si tid.

Ved starten på ferieavviklinga ved norske sjukehus og sjukeheimar hadde vi då alt fått to tilfelle av smittespreiing frå svenske helsearbeidarar på sommarjobb i Norge.

Ved Nordfjord sjukehus har det ført spreiing av koronasmitte blant pasientar og personell og til at kapasiteten ved sjukehuset er svekka.

Onsdag endra Helse- og omsorgsdepartementet regelverket, slik at svenske helsearbeidarar frå no av må gjennom obligatorisk koronatesting før dei får gå i arbeid.

Det er krav om to testar. Er den første negativ, kan personen arbeide, men må vere i karantene på fritida. Karanteneplikta blir først oppheva om også den andre testen er negativ.

Forskriftsendringa kom altså først etter dei to første smittetilfella knytt til utanlandske helsearbeidarar.

Norsk helsevesen er heilt avhengig av vikarlegar og vikarsjukepleiarar frå andre land i ferieavviklinga, men mange stadar også for å oppretthalde normal drift.

Det er eit godt argument for å ta inn desse leigearbeidarane. Det har likevel aldri vore ein god grunn for å gjere unntak for karanteneplikta. Her er det tyngste argumentet økonomi.

For det paradoksale er at reglane som skal gjelde for utanlandske helsearbeidarar frå no av, tilsvarar det som gjeld til dømes for verft som tar inn leigearbeidarar frå land med langt lågare smittespreiing enn Sverige.

Verfta på Nordvestlandet har brukt titals millionar kroner på å ha arbeidarar uverksame i karantene, med full løn, kost og losji. I starten var karantenetida to veker, så ti dagar. Først sist måndag kunne dei sleppe unna med det same testregimet som no også vert innført for svenske helsearbeidarar.

Ekstrakostnadane har norske verft og bedrifter i andre bransjar som er heilt avhengige av utanlandsk arbeidskraft, teke sjølv utan nokon som helst kompensasjon eller støtte.

Helsevesenet har på si side hatt høve til å gjere unntak, og kunne slik sleppe unna ekstrakostnadane, men med fare for at sårbare pasientar måtte betale prisen.

Dette har ikkje berre vore svak risikostyring, men også ei forskjellsbehandling har vore eigna til undergrave tilliten til smittevernarbeidet.

No har regjeringa snudd. Det var på tide.