Talet på uføretrygda held fram med å stige. Viktige tiltak som skulle snu trenden, ser ikkje ut til å virke. Om korona-krisa sender oss ut i ein lang periode med ein strammare arbeidsmarknad, kan situasjonen bli verre.

Av omsyn til mange av dei som med litt hjelp eller tilrettelegging kunne ha vore deltakarar i arbeidslivet, må vi forsterke innsatsen. For svært mange ville det gitt ein betydeleg gevinst, både personleg og økonomisk.

For samfunnet er bonusen at det vil bidra til å trygge berekraftige og gode velferdsordningar for alle på lang sikt.

Ifølgje Statistisk Sentralbyrå (SSB) var det ved utgangen av fjoråret 364.000 personar på uføretrygd. Det betyr at 10,5 prosent av arbeidsstyrken no mottar uføretrygd. Netto tilvekst dei siste fem åra er på over 36.000.

Storparten av denne veksten skriv seg frå dei to siste åra. Dette skjer i ein periode der vi har hatt ein relativ god økonomisk situasjon og ein god arbeidsmarknad i Norge. Berre i fjor var det ein netto tilvekst i talet på uføretrygda på 13.600.

Medan dette talet aukar, står talet på bruken av gradert uføretrygd stille. Heller ikkje kombinasjon av arbeid og uføretrygd aukar, slik det vart lagt til rette for med uførereformen i 2015.

Fleire og fleire blir altså 100 prosent uføretrygda.

For mange er sjølvsagt helsa slik at dei ikkje har noko anna alternativ. På grunn av sjukdom eller skade kan dei ikkje vere i arbeid, enten varig eller for ein periode. Uføretrygda er difor eit viktig sikkerheitsnett som må vi må gjere solid og føreseieleg.

Andre har eit sterkt ynskje og evne til å kunne delta i arbeidslivet — heilt eller delvis, men blir stengt ute på grunn av manglande hjelp og tilrettelegging.

Desse må vi gjere meir for å hjelpe. Det handlar om livskvalitet. Verdien av arbeid er stor både økonomisk, sosialt og med tanke på personleg utvikling.

Den norske velferdsmodellen er også avhengig av at vi har høg yrkesdeltaking.

Både enkeltmenneske og fellesskapet har alt å vinne om vi klarer å få ned talet på uføretrygda.

Difor må vi tenkje nytt, og vi må satse tyngre på tiltak vi ser har effekt. Når vi ser at gamle reseptar som gradert uføretrygd, inkluderande arbeidsliv og større høve til å ta arbeid medan ein er uføretrygda ikkje virkar, må vi skrive ut ny medisin.

Det er ikkje oljen som er Norge sin viktigaste økonomiske ressurs. Det er arbeidskrafta.