Under koronakrisa er det blitt ekstra tydeleg kor viktig redaktørstyrte medium er for folks behov for påliteleg informasjon. Det har ført til at fleire land ser på ulike måtar å styrke mediebransjen. Frankrike har nyleg vedtatt å gi skattefrådrag til alle som teiknar abonnement på ei avis eller eit magasin for første gong, og Canada vurderer å auke skattefrådraget på digitale abonnement frå 15 til 50 prosent, skriv den britiske avisa The Guardian.

USA har mista svært mange lokale aviser dei siste åra, og koronapandemien har gjort forholda endå vanskelegare. Minst 1800 lokalsamfunn, som hadde si eiga avis i 2004, står utan eit lokalt medium i 2020, skriv Poynter.org. Dermed har dei ingen som rapporterer om forholda i kommunen og informerer lokalt om smittsame virus.

Spreiing av desinformasjon og falske nyhende gjennom sosiale medium utgjer ein stadig større trussel mot demokrati og nasjonal tryggleik. NATO-sjef Jens Stoltenberg har peika direkte på Russland og Kina som avsendarar for desinformasjon som kan skade samarbeid og svekke forsvarsalliansen. Uavhengig faktabasert journalistikk er avgjerande for å skape tillit.

Onsdag 1. juli vart ei heilt ny medieansvarslov i Norge sett ut i livet. Den stadfestar at redaktøren er personleg ansvarleg, både strafferettsleg og erstatningsmessig, for alt redaksjonelt og kommersielt innhald. Det at redaktøren kan stillast til ansvar og dømmast for overtramp, er avgjerande for at journalistikken kan vere fri og uavhengig. Fridom og ansvar høyrer saman.

Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforening oppmodar politikarane om å legge til rette for ordningar som gir alle tilgang til minst eitt redaktørstyrt medium frå sitt nærområde. I sosialtenestelova er det opning for at dei som treng støtte til livsopphald kan få dekt eit avisabonnement, men dette er ei ordning som er lite kjent og som berre treff ein liten del av innbyggarane. Det er behov for å utvide tilbodet. Norge bør vurdere å innføre tilsvarande ordning som Frankrike, med skattefrådrag for alle som teiknar abonnement på eit nyhende- eller aktualitetsmedium. Redaktørstyrte medium utgjer ein av grunnsteinane i demokratiet, og behovet for påliteleg informasjon har aldri vore større.