For to år sidan vart det etablert mobbeombod i alle fylke. Evauleringa av ordninga syner at dette var ei viktig etablering. Likevel er det også klart at det er meir å gå på.

Mellom anna syner evalueringa som Utdanningsdirektoratet har fått utført, at ordninga er for dårleg kjent. Difor er det fare for at mange som kunne ha stort behov for hjelp, ikkje veit kven dei skal kontakte.

Mobbetala i norske skular syner også klart at behovet for omboda er stort.

Møre og Romsdal fylkeskommune fekk sitt første mobbeombod i 2018. Det skjedde etter at ordninga vart gjort nasjonal, fem år etter at Buskerud fylke oppretta det første mobbeombodet.

I april i år vedtok fylkestinget i Møre og Romsdal å gjere ordninga permanent, utan å vente på evalueringsrapporten frå Utdanningsdirektoratet. Vedtaket bygde mellom anna på erfaringa og dei rapportane som mobbeombodet i fylket har lagt fram for dei folkevalde.

Ombodet i Møre og Romsdal har løpet av to år hatt rundt 100 individuelle saker med barn og unge som ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. I tillegg driv mobbeombodet utstrakt informasjons- og førebyggingsarbeid retta mot skular og barnehagar i fylket.

Elevundersøkinga 2019 indikerer at mobbetala i norsk skule er på veg ned. Likevel er det framleis altfor mange som gruar seg til kvar skuledag. Den undersøkinga syner at 35.000 elevar i grunnskulen har blitt mobba av medelevar eller vaksne, to til tre gongar i månaden.

Talet er altså framleis svært stort. I tillegg opplever mange at mobbinga følgjer etter dei i vidaregåande skule. Også i barnehagen er det mange som ikkje har det så trygt og godt som dei bør ha krav på.

Eit einsleg mobbeombod er sjølvsagt ikkje åleine løysinga på eit så stort og omfattande problem. Evalueringa syner likevel at det er ei ordning som betyr mykje for mange av dei som nyttar seg av den hjelpa mobbeomboda kan gi.

Har fleirtalet av dei 100 som har hatt direkte kontakt med ombodet i Møre og Romsdal hatt nytte av det, har det sjølvsagt stor verdi. Mange kan også ha hatt kontakt med mobbeombodet fleire gongar. Nasjonalt handlar det om fleire tusen saker.

Sjølv om det er eit mål om at dei fleste mobbesaker skal løysast på eit så lågt nivå som mogeleg, er det likevel klart at fleire kunne hatt nytte av ordninga om den var betre kjend.

Mobbeomboda i fylka bør difor både marknadsførast betre og bli gitt større ressursar til å informere og førebyggje, slik at fleire barn og unge kan få oppleve ein trygg og god skulekvardag.