Årets russepresidentar i Ålesund anbefaler at russefeiringa blir flytta, og dei fortener brei støtte. I år vart russefeiringa flytta til juni på grunn av korona, og erfaringane er svært gode. Stadig fleire innser at det å feire skuleavslutning før eksamen, er både ulogisk og upraktisk.

«Det blir som å feire seieren når man leder til pause. Ved å flytte russetiden kan man oppnå en fullverdig feiring, samtidig som avsluttende eksamener får den oppmerksomheten som kreves», seier russepresident Magus Ørstenvik ved Spjelkavik vidaregåande skole til Sunnmørsposten. Han samanfattar godt kva dette handlar om.

Det var i 1979 at regjeringa vedtok å legge eksamen for avgangselevar til etter 17. mai. Tanken var at dette skulle dempe for vill russefeiring og gi elevane tid til fagleg fordjuping. Men slik gjekk det ikkje. Festen vart på ingen måte dempa. Ei undersøking frå 2006 viste at ein av to elevar brukte mindre tid på skulearbeid under russetida, og for mange var feiringa viktigare enn karakterane. Hektisk russetid med lite søvn og intens eksamenslesing er ein dårleg kombinasjon. Mange har gått ut av vidaregåande med svakare karakterar enn dei elles kunne oppnådd. I år etter år er det blitt diskutert om russetida burde flyttast, men tradisjonar er vanskeleg å endre. Kvart nytt russekull går i fotspora til tidlegare kull. I år vart tradisjonen broten på grunn av korona, og det opnar for ei ny ordning.

Rektorar har bede regjeringa om å ta grep, og legge om tidspunktet for russefeiringa. Statsminister Erna Solberg seier til NRK at russefeiring er eit privat arrangement, og derfor er det russen sjølv som må bestemme. Det har ho rett i, men det er likevel behov for samordning på nasjonalt nivå. Det er skulane som fastset tidspunkt for eksamen, medan elevane bestemmer tidspunkt for feiring.

Ulike modellar er lansert for flytting av russetida. Anten å la feiringa gå føre seg etter at skulen er avslutta i juni, eller å flytte tidspunkt for eksamen til før 17. mai. Kva som er den beste modellen må skule og elevar finne ut av. Uansett bør den gamle ordninga med russefeiring før skriftleg eksamen få avløysing.