Sunnmørsposten meiner:

«Alle må ta ansvar for å unngå ny smittebølge»

Badeliv: Nye reglar gjer det muleg for europeiske turistar å kome til Norge, til dømes til Hellesylt, der dette bildet er frå..   Foto: Terje Engås (arkiv)

Mange har ofra mykje, og gjort ein stort innsats denne våren for å halde smitten nede

Leder

Frå 15. juli er det gitt grønt lys for reiser til og frå dei fleste land i Europa. Opninga er særleg viktig for reiselivsnæringa som har slite hardt på grunn av korona-restriksjonane. At utlendingar no kan kome til Norge, gir viktige inntekter for reiselivsbedriftene, og fleire arbeidstakarar kan kome tilbake på jobb. Det er gledeleg. Samtidig opnar det for at nordmenn reiser utanlands i staden for å feriere i heimlandet. Det kan gå ut over dei bedriftene som har satsa på norske gjestar.

Dei nye reisereglane betyr at nordmenn kan reise på ferie til fleire land utan krav om karantene. I Sverige kan nordmenn reise karantenefritt til regionane Skåne, Blekinge og Kronoberg. Reiser til resten av Sverige vil framleis bety karantene ved retur til Norge, og det same gjeld for reiser til Bulgaria, Kroatia, Luxenbourg, Portugal, Romania og Ungarn. Dei som reiser utanlands, må vere budde på at smittesituasjonen i det aktuelle landet kan endre seg raskt. Karantenereglar og råd for smittevern blir oppdatert fortløpande. Land som er grøne, kan i løpet av kort tid bli raude, dersom det oppstår store utbrot av smitte.

På pressekonferansen til regjeringa fredag, vart det understreka at testkapasiteten skal aukast. Å teste seg for korona er gratis, både for nordmenn og utlendingar. Det er viktig å nå ut med informasjon om dette tilbodet. For å bli testa er det nok at ein kjenner på eit av symptoma, til dømes vondt i halsen. Testing, isolasjon, smittesporing og karantene er viktig for å unngå ny oppblomstring.

Mange har ofra mykje, og gjort ein stort innsats denne våren for å halde smitten nede. Når grensene no blir opna, er det ein risiko for at koronasmitten vil auke. Derfor er det avgjerande at vi alle gjer det vi kan for å unngå ny smittebølge. Pandemien er på ingen måte over. Undersøkingar har vist at 93 prosent av nordmenn følgjer smittevernsråda frå Folkehelseinstituttet, og det lover godt. Reglane om handhygiene og forsvarleg avstand er framleis like aktuelle. Dersom alle held fram med å følgje råda, og tek ansvar både for seg sjølv og andre, kan stadig fleire delar av samfunnet bli opna igjen.




Forsikringsselskap: Reisende bør holde seg oppdatert

Fra 15. juli åpnes det for feriereiser til store deler av Europa, men forsikringsselskapene tror at justeringer på FHIs feriekart kan gi utfordringer.



– Nå må vi fortest mulig innhente et mulig marked

Hotelldirektør ved Hotell Alexandra i Loen, Richard Grov, sier det på generelt grunnlag er positivt at Norge nå åpner for innreise fra en rekke europeiske land.



Hurtigruten: – Ekstremt gode nyheiter

Konsernsjef i Hurtigruten, Daniel Skjeldam, er særs glad for at mange viktige turistland i Europa no er unnatekne reiseråda til UD.



FHI: – Vi må vere førebudde på ein liten smitteauke

Når vi opnar grensene mot fleire land, må vi vere førebudde på ein liten smitteauke i Noreg, understrekar FHIs Frode Forland.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder