Berre litt over ei veke Kleven-konkursen er store delar av arbeidsstokken på rundt 440 personar sikra vidare arbeid. Dette er ei gledeleg nyheit for fleire enn dei som no får jobben tilbake.

Utan ei rask løysing kunne dei negative konsekvensane ha vorte store for heile den maritime klynga på Nordvestlandet.

Utfordringane er ikkje over, men Kleven får no sjansen til ein ny start og ein ny kurs. Det er svært gledeleg nytt.

Kleven har slite i tung sjø i fleire år med dårleg lønsemd, oppsplitting og fleire eigarskifte på knapt tre år. Det siste eigarskiftet vart både kortvarig og kaotisk.

Kroatiske Div Group tok over då Hurtigruten selde seg ut tidlegare i år, men kom raskt på kant med både delar av dei tilsette, underleverandørar og bankar. Tillitssvikten vart total, og til slutt sa banken stopp.

Styret måtte difor gå til skifteretten fredag for halvanna veke sidan.

Ei veke etter konkursen var det klart at Langset-gruppen med hovudkontor i Molde overtok Kleven Marine Contracting, eit selskap med vel halvparten av dei tilsette. Seint mandag kveld var den neste brikka på plass.

Green Yard Group med hovudkontor i Kvinesdal i Agder tar over Kleven Verft.

Kleven er altså på nytt splitta opp, men det viktigaste no at dei fleste av arbeidsplassane er berga.

Kleven har med dette fått eigarar som kjenner spelereglane i norsk nærings- og arbeidsliv. Ingen av dei nye eigarane er tungt inne i skipsbygging, men dei har godt fotfeste i maritimt næringsliv, og kan gi Kleven fleire bein å stå på.

I ei tid der det er overkapasitet på nybyggingsverft, kan det vere av stor verdi.

Omstilling tar tid og kostar tid, pengar og hardt arbeid. Fleire av dei største norske verfta har framleis store utfordringar, og slit med å skape lønsemd.

Norsk maritimt næringsliv er på veg opp av bølgedalen etter oljekrisa. Talet på sysselsette aukar, og optimismen er tilbake i dei fleste segment. Det er gledeleg for ein maritim region som Nordvestlandet, men også for Norge.

Langs kysten vår har vi verdsleiande bedrifter i ein av dei mest komplette maritime klyngene globalt. Maritimt næringsliv er ei av dei viktigaste næringane våre i dag, og det er avgjerande for oss alle at den held på utviklingskrafta og tryggar verdiskapinga framover.

Kleven har vore ei viktig bedrift i denne næringa lokalt og nasjonalt i rundt åtte tiår. No har dette verdifulle kompetansemiljøet fått ein ny sjanse. Det betyr mykje for heile regionen at dei lukkast.