Forenkling og effektivisering av kommunale tenester må vere målet for alle kommunar, stor som liten. Sterk vekst i det kommunale byråkratiet er derfor ei varselklokke, sjølv om det ikkje gir fasiten åleine.

Når tala i tillegg tyder på at veksten i det kommunale byråkratiet er størst i kommunar som har slått seg saman, bør det bli slått stor alarm. Ei slik utvikling er i tilfelle stikk motsett av det som var eitt av hovudargumenta for kommunereforma.

Vi treng eit kompetent og påliteleg byråkrati, men ikkje eit byråkrati som avlar fleire byråkratar enn kommunane treng.

Ifølgje tal som Klassekampen har fått utarbeidd av Statistisk sentralbyrå, har talet på sysselsette i kommunebyråkratiet auka frå rundt 58.000 til over 63.500 frå 2015 til 2019. Det er ein vekst på over ni prosent, og langt over den samla sysselsettingsveksten i sektoren.

Veksten i byråkratiet i dei nye, samanslåtte kommunane er endå større.

No fortel ikkje desse tala heile sanninga. For det første endra SSB måten dei reknar årsverk på i 2018, slik at samanlikninga tilbake til 2015 haltar.

Dessutan må tala sjåast i samanheng med at kommunane er tilført meir pengar, utfører fleire tenester og difor treng fleire tilsette – også byråkratar.

Før ein trekkjer bastante konklusjonar, bør det absolutt gjerast grundigare analysar. Utviklinga mellom 2018 og 2019, som er samanliknbare tal, gir åleine god grunn til det.

Vi treng ein sterk offentleg sektor, som er stor nok og har kvalitet nok til å gi eit godt og likeverdig tenestetilbod over heile landet. Stor nok, men også berre det.

Det er ikkje eit mål å ha ein så stor offentleg sektor som råd, og i alle fall ikkje målt i byråkratar.

Kommunal sektor må som alle andre effektivisere drifta, og levere mest og best mogeleg tenester for kvar skattekrone den brukar. Det er ikkje noko anna krav enn styret i ei kvar bedrift stiller til sin organisasjon. Bedrifter i ein marknad med konkurranse som ikkje klarer den jobben, vil etter ei tid vere historie.

Offentleg sektor er ikkje i like stor grad utsett for konkurransen sin harde dom. Det stiller særlege krav til aktsemd, elles risikerer ein å få organisasjonar som eser ut og sender rekninga innbyggjarane. Verst er det når det skjer samstundes som tenestetilbodet blir barbert.

Kommunane som har slått seg saman i større einingar, slik som Ålesund, må ha eit særleg ansvar for å effektivisere drifta. Flaut er ikkje dekkande ord om utviklinga går motsett veg.