Kvar og ein må få lov til å nytte si forbrukarmakt som kunde for å påverke næringsdrivande eller styresmakter. Å slutte å kjøpe varer frå eit selskap fordi ein er usamd med det dette står for, er ein heilt legitim måte å ytre seg på i eit demokrati.

Sjølv om slike boikott-aksjonar sjeldan har stor effekt eller gjennomslag, er det også døme på det motsette.

Som med alle andre ytringar følgjer det eit ansvar med. Særleg stort ansvar har den som oppmodar andre til boikott.

I kampen mot vindkraft-utbygging er det etablert ei rangering av kraftselskap etter kor sterkt dei er engasjert i vindkraft. Lista deler kraftselskapa inn i fire kategoriar.

På topp er «friskmelde» selskap heilt utan band til vindkraft. I dei to neste kategoriane finn ein selskap med mindre koplingar til vindkraft. I fjerde kategorien finn vi selskapa på «fy-lista».

Stranda Energi er eit av selskapa som har fått heidersplass på A-lista, og har i det siste fått 200 nye kundar. Både Tussa Energi i Ørsta og Tafjord Marked i Ålesund er på verstinglista, selskapa ein skal «styre unna». Dei har tapt kundar.

Høgreleiaren i Volda, Ivar-Otto Kristiansen, har flagga at han skifta leverandør frå Tussa Energi til Stranda Energi i kampen mot vindkraft. Det er sjølvsagt både han og alle andre som vil seie si meining i sin fulle rett til.

Problemet er å treffe blink. At ein av Tussa sine eigarar, KLP, har investeringar i vindkraft, kan knappast Tussa klandrast for. Om målet var å råke KLP, var det meir nærliggande for ein tilsett i til dømes Ørsta kommune å sjå på eigne pensjonsforsikringar.

I rettferda sitt namn, må det seiast både at andre selskap på «fy-lista» har klarare band til vindkraft og at dei som har sett opp lista understrekar at dei ikkje kan gå god for opplysningane lista byggjer på. Dei ber folk gjere eigne undersøkingar.

Likevel er dette eit døme på kor krevjande boikottaksjonen er, ikkje minst fordi det er fri handel med kraft, mange sameige og krysseigarskap.

Dei A-lista selskapa har dessutan knapt nok eigen produksjon. Stranda Energi er blant dei største, men produserer årleg straum til knapt 3.000 husstandar. Tussa med sine 22 vasskraftverk produserer årleg meir enn det tidoble.

Det er i praksis umogeleg å forsyne Norge med kraft utan kraft frå dei meir enn 70 selskapa på «fy-lista».

Boikott-aksjonar kan vere effektive, men må byggje på treffsikre fakta og gi reelle forbrukarval.

Elles blir dei berre eit slag i vinden.