Når fellesskapet stiller opp for å hjelpe bedrifter gjennom ei krise, må vi også kunne stille krav om at dei stiller opp for fellesskapet. Betalar du ikkje forsikring, får du heller ingen utbetaling når det smell.

EU-kommisjonen gjekk sist veke ut og bad sine medlemsland om å hindre at statleg koronahjelp hamnar i skatteparadis.

Regjeringa og fleirtalet på Stortinget har tidlegare nekta å stille slike krav. SV sin finanspolitiske talsperson, Kari Elisabeth Kaski, meiner no at Norge bør følgje EU.

Krisepakkane har vore mange og store under koronakrisa. Dei skal berge bedrifter og arbeidsplassar, og hindre at krisa blir endå djupare, meir langvarig og at arbeidsløysa får bite seg fast.

I starten var det heilt nødvendig å reagere raskt, utan grundige utgreiingar. Dette var også eitt av argumenta for å ikkje stille krav om at støttemottakarar ikkje kunne bruke krisehjelp til å betale ut utbytte eller å vere etablert i skatteparadis.

Utan grundig utgreiing og klok utforming kunne slike reglar få utilsikta effekt.

No er hastverket ikkje lenger like stort, og EU-kommisjonen gjekk altså sist veke ut med eit klart råd til sine medlemsland om å hindre utbetaling til selskap som brukar skatteparadis til å vri seg unna skatterekninga i eige heimland.

Også den norske regjeringa bør lytte til dette rådet med tanke på å endre reglane for framtidig krisehjelp.

Heilt enkelt er det ikkje, for det er mange døme på at firkanta reglar kan få uheldige utslag.

Til dømes kan utbytte frå eit selskap i eit konsern vere med på å berge eit anna, eller vere nødvendig for å kunne betale formuesskatten. Tilsvarande vil det kunne vere urimeleg å setje arbeidsplassar i fare berre fordi ein minoritetseigar har perifere band til selskap i skatteparadis.

EU sitt eige regelverk syner dette dilemmaet. Her er det berre selskap som er direkte eigd via selskap på EU si liste over skatteparadis som kan nektast støtte. Selskap med eigarar som «kamuflerer» skatteflukta gjennom ein kjede av selskap, går klar.

I Danmark har dette ført til skarp kritikk av regjeringa, fordi opposisjonen meiner det er for lett å omgå reglane. Regjeringa er heller ikkje nøgd, men meiner at EU-reglane hindrar dei i å gå lenger.

Lett er det altså ikkje, men det betyr ikkje at ein kan la vere å arbeide for det.

Dei som aktivt snik seg unna ansvaret for fellesskapet ved å snike seg unna skatt på denne måten, kan ikkje vente at fellesskapet stiller opp for at dei skal kunne halde fram med dette.