Næringslivet har brukt langt mindre enn venta av støtte-milliardane som vart sett av til koronakrisa. Mykje tyder på at krisa vart mindre djup enn venta.

Det kan gi håp om at den også blir mindre langvarig enn frykta.

Likevel er det ingen grunn til å blåse av kriseberedskapen. Delar av næringslivet kjem til å kome sterkt svekka ut av dette året. Og sjølv om det lysnar også i internasjonal økonomi, ligg framleis blytunge skyer i horisonten.

Etter at krisetiltaka vart sett inn i kampen mot korona-pandemien i midten av mars, kom krisepakkane frå Regjeringa på stripe. Blant anna vart det innført ei ordning med statsgaranterte lån og ei kontantstøtteordning.

Rammene for desse to ordningane åleine var på 100 milliardar. Sett i høve til det som var utgangspunktet i mars og starten av april, er det allereie no sikkert at behovet for krisehjelp er langt, langt mindre.

Mindre enn ti prosent av dei 50 milliardane som var sett av til kontantstøtte, er brukt. Ordninga skulle gi hjelp til bedrifter med stort fall i omsetnaden. Så langt er det utbetalt berre 4,5 milliardar, skriv E24.

Tilsvarande er det for dei statlege lånegarantiane. Desse skulle sikre bedrifter i akutt likviditetsskvis på grunn av pandemien. Her er det brukt berre 9,3 milliardar så langt, også det av ei ramme på 50 milliardar.

Stadig færre søkjer no om støtte frå dei statlege krisepakkane. Samstundes fell talet på arbeidssøkjarar kraftig, drivstoffsalet nærmar seg normalen, oljeprisen har tatt seg inn att, bustadprisane stig og talet på covid 19-pasientar på norske sjukehus var onsdag nede i tre. I det siste har medisingigantane meldt om store framsteg på vaksinefronten.

EU vart denne veka samde om ein rekordstor krisepakke. IMF spår no er at internasjonal økonomi kan kome raskare tilbake enn venta.

Alt dette er nyheiter som bidrar til finansiell stabilitet, optimisme og ny vekst.

Trass alle desse lyspunkta må vi minne oss på at kampen mot pandemien ikkje er over, korkje på sjukehusa eller i styreromma.

Arbeidsløysa er på over ni prosent. Delar av reiselivsnæringa slit framleis tungt. Det same er tilfelle i fleire andre bransjar, slik som opplevings- og kulturbransjen. Svært mange land har også i dag stigande smittetal og urovekkjande høg gjeldsvekst.

Pandemien kan sende nye sjokkbølgjer inn i internasjonal økonomi.

På ny kan vi trenge kraftfulle krisegrep. Igjen bør Regjeringa då bruke kraftig krut, men bør bruke tida no til å finstille siktet for å auke sjansane til å treffe blink.