Sunnmørsposten meiner:

«Fleire ufaglærte er ikkje svaret for helsesektoren»

Sårbare: Koronaviruset har sett helsesektoren i ein ekstraordinær situasjon, og har både synleggjort verdien av helsearbeidarane sin innsats og vist oss kor sårbar helsesektoren er.  Foto: Staale Wattø

Leder

Utfordringane i helsesektoren blir ikkje løyst ved at vi set inn fleire ufaglærte til å utføre oppgåvene. Ei målretta satsing på å rekruttere og behalde fleire med høg helsefagleg kompetanse er den fornuftige vegen å gå.

Senterpartiet sitt utspel om å innføre verneplikt i helsesektoren for ungdom, bør leggjast bort snarast råd.

Ei slik ordning står i fare for å skape fleire problem enn den løyser. I beste fall kan den dekkje over dei verkelege utfordringane.


Sp vil ha omkamp om helseverneplikt

Koronakrisa har vist kor sårbar helsevesenet er, meiner Senterpartiet. No vil partiet ha omkamp om helseverneplikt for ungdom.


I 2013 foreslo Senterpartiet å utvide verneplikta, slik at unge i vernepliktig alder kunne velje mellom verneplikt i forsvaret eller samfunnsteneste i helse- og omsorgssektoren. Då vart dette nedstemt.

No vil helsepolitisk talsperson i Senterpartiet, Kjersti Toppe, ta framlegget ut av skuffa igjen. Ho meiner at koronakrisa synleggjer behovet. Nestleiar i Norsk Sykepleierforbund støttar ideen, men vil ikkje ha ansvar for å lære opp og rettleie dei ufaglærte.


Helseutdanningene får nye minstekrav

Leger som studerer på ulike steder, skal kunne mer av det samme når de er ferdig utdannet, ifølge nye retningslinjer. Det samme gjelder andre helseutdanninger.


Folk som har gjennomført slik teneste, kunne sjølvsagt tent som ein reservestyrke i ei slik krise og gitt fleire hender i arbeid i det daglege. Saka er berre det at det ikkje er mangelen på ein reservestyrke som skaper vanskar i helsesektoren.

Tvert om er det mangelen på utdanna helsearbeidarar som er problemet. Mangelen på sjukepleiarar er ei av hovudutfordringane. Her snakkar vi om ei varsla krise – pandemi eller ei. Hadde vi løyst denne, ville behovet for å kalle inn tidlegare «vernepliktige» helsearbeidarar vore minimalt.


Norge har flere tusen helsepersonell i «reserve»

De aller fleste med helsefaglige utdanninger i Norge arbeider som helsepersonell, men det er også en god del med slik utdanning som ikke praktiserer den.


Krisa må løysast ved at vi utdannar fleire, heller enn at vi brukar store helsefaglege ressursar på å utdanne ungdom i pliktteneste.

Vi må opprette fleire studieplassar, få fleire til å velje slik utdanning og stoppe flukta frå yrket av folk som allereie har teke utdanning. Nøkkelen til dette er å løfte statusen og betre arbeidsvilkåra.

To av tre stillingar i kommunal helse- og omsorgssektor er deltid. Ufrivillig medverkar til å svekkje attraktiviteten til yrket og kvaliteten på både fagmiljø og tenestene.


Rekordmange vil ta høyere utdanning i krisetid

Aldri før har så mange søkt seg til universiteter og høgskoler. Flere vil bli sykepleiere og leger, mens færre vil bli lærere eller jobbe i politiet.


Løn er ein annan nøkkelfaktor. Franske helsearbeidarar fekk eit lønsløft på åtte milliardar euro, eller over 20.000 kroner årleg for ein sjukepleiar, mellom anna som følgje av at koronakrisa synleggjorde verdien av arbeidet deira.

Også i Norge har fleire fått opp auga for denne verdien. Sju av ti nordmenn seier i ei undersøking at dei har fått auka respekt for det norske helsevesenet.

No bør den respekten betalast med blanke kroner, ikkje med krav om å ta fleire dårleg kvalifiserte inn i sektoren.