Sunnmørsposten:

Må være i tet i kappløpet om kompetansen

Rekord: Fleire vil studere, og fleire enn tidlegare er kvalifisert til opptak ved høgare utdanning.  Foto: Staale Wattø

Leder

Aldri før har så mange fått tilbod om plass ved høgare utdanning i Norge. Det er ikkje berre godt nytt for dei 108.000 som kan ta plass ved ein høgskule eller universitet i august, men også resten av oss.

I den internasjonale konkurransen er Norge ein miniputt på dei fleste område. I tillegg er vi eit høgkostland.

For at vi skal hevde oss i denne konkurransen må vi vere best på idear, nyskaping og finne dei beste løysingane. Vi må ligge i front. Nøkkelen til å klare det, er å ha ei godt utdanna befolkning.


108.000 søkjarar har fått studieplass – det er rekordmange

8.000 fleire enn i fjor har fått studieplass i år, og totalt har 108.000 fått tilbod. Det er rekordmange, ifølgje Kunnskapsdepartementet.


Koronakrisa er nok ei viktig forklaring på at ekstra mange har søkt høgare utdanning i år. Når arbeidsmarknaden er utrygg, er det mange som vel utdanning i staden for å stille seg i køen av arbeidslause. Av same årsak er det også oppretta fleire studieplassar.

Likevel bør vi sjå dette meir som godt nytt enn eit krisesymptom.

150.000 unge søkjer studieplass, og fleire enn tidlegare er kvalifiserte søkjarar. Tala er eit symptom på at vi har motiverte unge, som vil bidra til å utvikle både seg sjølv og samfunnet. Etter kvart vil dette gi eit viktig kompetanseløft både for næringslivet og det offentlege.


Over 400 fleire studieplassar på sjukepleiarutdanninga

Rundt 7.600 søkjarar har fått tilbod om plass på sjukepleiarutdanninga. Det er 403 fleire enn i fjor.


No er det sjølvsagt ikkje slik at alle må ta høgre utdanning. Det er like stort behov for fagutdanna arbeidskraft. Det er arbeidskraft som er sterkt etterspurt i mange bransjar. Difor er det viktig at vi har eit mangfald av utdanningsval blant ungdommen.

Den enkelte bør velje etter interesse, evner og utsikter til framtidig arbeid ein kan trivast med.

Poenget er at det trengst god utdanning, solid kompetanse og livslang læring på alle nivå og i alle yrke. Både vår eiga samfunnsutvikling og den internasjonale konkurransen er avhengig av det, og lista blir løfta stadig høgre.

Ser vi 50 år attende er det biletet tydeleg.



I 1970 hadde meir enn halvparten av den vaksne befolkninga berre grunnskule. Fire av ti hadde vidaregåande utdanning, medan mindre enn åtte prosent hadde høgre utdanning. I dag har framleis fire av ti vidaregåande utdanning eller fagskule, medan nær 35 prosent har høgare utdanning.

Berre kvar fjerde har berre grunnskule. Hos dei yngste er den delen forsvinnande liten.

Enkelte har frå tid til anna åtvara mot «mastersjuka», at for mange tar høgare utdanning. Og det er klart den enkelte bør vurdere kva jobb- og framtidsmoglegheiter ei utdanning gir. Utdanninga bør vere relevant både for kvar einskild og for samfunnet.

Vi bør likevel ikkje senke ambisjonane for å løfte kompetansen i befolkninga.

Slike åtvaringar var det også på 70-talet. Det var godt dei ikkje vart lytta til.


Fakta om årets hovedopptak
  • 107.999 søkere har fått tilbud om studieplass. Det er en oppgang på 8.680 fra i fjor, tilsvarende 8,7 prosent.
  • 149.541 søkte om opptak til høyere utdanning i vår. Av disse er 135.742 å anse som kvalifiserte søkere, altså søkere som er funnet kvalifisert for minst ett av alternativene de ønsker å studere. Det er 12 prosent flere enn i fjor.
  • 80 prosent av de kvalifiserte søkerne har fått tilbud om studieplass.
  • 27.743 kvalifiserte søkere har ikke fått tilbud om studieplass. I fjor gjaldt dette for 21.669 personer.
  • De studiene som har sett størst økning i poenggrense er fotojournalistikk ved Oslomet (fra 50,2 til 70,7) friluftsliv ved Nord universitetet (fra 45 til 59,2) og europastudier med spansk ved NTNU (fra 33,2 til 45,8).
  • Kilde: Samordna opptak, Kunnskapsdepartementet