Norsk økonomi har fått eit kraftig tilbakeslag, og det vil ta både tid og krefter før vi har henta inn att det tapte. Vi bør ikkje gå vidare som om ingenting har skjedd, og tru at dette ordnar seg sjølv.

Det kan bli kostbart på lengre sikt i form av tapt konkurransekraft og auka arbeidsløyse.

Difor er det vanskeleg å forstå at Fellesforbundet stiller med same krav til lønnsoppgjeret som før koronakrisa slo inn over økonomien.

Partane i frontfaget, Fellesforbundet og Norsk Industri, tar opp att forhandlingane i lønnsoppgjeret over helga. Desse forhandlingane vart sett på pause i vår på grunn av koronakrisa.

Vi er framleis i ei krise, og pandemien er på langt nær over. Dei økonomiske konsekvensane vil bli merkbare i lang tid framover, både for den enkelte husstand og for næringslivet.

Det ville vere naturleg at partane i arbeidslivet tok høgde for det, i solidaritet med alle dei som no står utan arbeid og dei bransjane som framleis er hardt råka. Vi veit heller ikkje enno korleis ein eventuell andre bølgje av pandemien vil slå ut.

Likevel seier altså forbundsleiar Jørn Eggum i Fellesforbundet at krava vil vere dei same som dei var i vår, før krisa. I mange bransjar ventar ein eit realt lønnsløft.

Det er å gå vidare som om ikkje noko hadde skjedd.

No skal det sjølvsagt forhandlast, og det kan vere langt frå krav til resultat. I slike forhandlingar er det også råd å syne solidaritet ved å løfte fram grupper som heng etter i bransjar som toler det.

I sum må likevel årets oppgjer vere av det moderate slaget.

Trass i lyspunkt som tyder på at økonomien er på rett kjøl fortare enn ein frykta tidlegare i vår, er det enno langt fram før sysselsettinga og bedriftene si inntening er tilbake på same nivå som før krisa.

Store delar av eksportretta industri, som nettopp oppgjeret i frontfaget omfattar, vil i lang tid før den er tilbake i normalen. Verdsøkonomien har bråbremsa, og gjenopprettinga til normal fart vil kunne ta både eitt og to år frå no.

For bedriftene vil det bety motbakke i marknadane, krav til omstilling og kostnadskutt for å halde oppe ei forsvarleg inntening.

Sjølvsagt skal ikkje arbeidstakarane og arbeidstakarorganisasjonane bere dette ansvaret åleine. Kapitaleigarane må også syne solidaritet, både med eigne tilsette og andre bransjar og bedrifter. Dette er ikkje tida for feite utbytte, like lite som for lønsfest.

Vi treng at alle partar tar ansvar, eit ansvar som er i takt med tida.