Høg fart er ei av dei viktigaste årsakene til alvorlege personskadar og dødsfall i trafikken. Difor er det trist å sjå at respekten for fartsgrensene er så lav som den er.

Og endå verre: Den ser ut til å bli mindre.

Utrykkingspolitiet (UP) har tatt førarkortet frå 20 prosent fleire så langt i år enn til same tid i fjor. Det kan ikkje berre forklarast med at UP har vorte flinkare til å plukke ut verstingane.

Norge er blant dei mest trafikksikre landa i Europa. I fem år på rad har vi toppa statistikken til European Transport Safety Council (ETSC) framfor Sveits og Sverige. Talet på alvorlege ulykker har også gått kraftig ned dei siste tiåra.

Frå tusenårsskiftet er talet på dødsulykker redusert til nær tredjeparten. Talet på hardt skadde er meir enn halvert. Vi kan likevel ikkje vere nøgde. Kvar einaste ulykke er ein tragedie for dei mange som blir invalidisert eller som misser ein av sine kjære.

Så ser vi at nedgangen i alvorlege ulykker har flata ut dei siste åra. Talet på trafikkdrepne har ligge rundt 110 i fleire år. Prognosane for i år tyder på at talet kjem til å bli like høgt i år.

Til no har heile 60 liv gått tapt. Berre i feriemånadane juni og juli har 18 personar mista livet ifølgje Trygg Trafikk. Meir enn 60 prosent av dødsulykkene er såkalla eineulykker. Oftast er dette utforkøyringar, ulykker som svært ofte skuldast høg fart.

UP har i sommar auka talet på kontrollar, og har hatt ekstra stor merksemd på særleg farlege strekningar. På Nordvestlandet har strekningane Dombås-Åndalsnes, Vestnes-Moa, Ørsta-Festøy og Volda-Stryn vore blant dei prioriterte.

Målet har vore å luke ut dei mest trafikkfarlege førarane: Ruskøyrarar og fartssyndarar.

Berre i juli har UP meldt 909 førarar for grove brot på fartsgrensa, 54 prosent fleire enn same månad i fjor. Talet på førarkortbeslag er etter sju månader oppe i over 3.700 mot 3.000 i fjor.

Samanhengen mellom høg fart og alvorlege trafikkulykker er sterkt og godt dokumentert. Dei siste 15 åra har høg fart vore medverkande årsak i fire av ti dødsulykker på norske vegar.

Senkar vi farta, vil få andre ting bidra så mykje til å få ned talet på dødsulykker.

Difor er tala frå UP så nedslåande, men nettopp difor er dei også så viktige.

Frykta for å bli tatt ser ut til å vere det som har effekt på dei verste råkøyrarane.