Kampen om ein plass på Mørebenken ser ut til å by på meir spenning enn på lenge. I fleire av partia kan det bli open kamp om listetoppen heilt inn i nominasjonsmøta.

Ein slik kamp kan vere ein styrke både for partia og demokratiet. Så lenge den skjer ope og med stor deltaking kan det sikre at vi får kandidatane med dei beste kvalifikasjonane og den sterkaste folkelege støtta inn på Stortinget.

Verre er det når nominasjonen blir styrt i mørke krokar av hestehandlarar med finstilt partipolitisk kjøtvekt.

Valet av dei som skal representere Møre og Romsdal på Stortinget neste haust, blir ikkje berre avgjort av veljarane. Tvert om har veljarane lite å seie i valet av kandidatar, samanlikna med mange andre land.

Dei vi har å velje mellom på valdagen, er plukka ut av partia. I den prosessen er berre ein brøkdel av partimedlemmane reelt involverte. På toppen av dette har talet på partimedlemmar vore sterkt fallande dei seinare tiåra.

Slik blir makt flytta frå dei mange til dei få.

Avstanden mellom den meinige partimedlem og deira tillitsvalde kan bli stor. Endå større kan den bli mellom den vanlege veljar og listetoppane – og til sjuande og sist stortingsrepresentantane.

For å motverke dette er det viktig at partia har opne nominasjonsprosessar som involverer grasrota på best mogeleg vis. Her har mange parti og lokallag i partia mykje å gå på, og bør tenkje nytt for å få med fleire.

Seks av dei ni som representerer Møre og Romsdal på Stortinget no, har sagt at dei vil halde fram, men det vil bli kamp om desse plassane både i nominasjonen og på valdagen.

I både Senterpartiet og KrF er det duka for kamp om toppen, men heller ikkje i Arbeidarpartiet eller Høgre er resultatet gitt. Berre Frp kan med stor sikkerheit sende valbrosjyrar med to toppkandidatar, Sylvi Listhaug og Frank Sve, til trykkeriet, utan å risikere å måtte trykke nye etter nominasjonsmøtet.

I Senterpartiet har Jenny Klinge ei kø av utfordrarar. I Høgre er spørsmålet om Sunnmøre vil finne seg i å ta tredjeplassen bak Vetle Wang Soleim og Helge Orten, som begge vil halde fram på Stortinget. Heller ikkje Fredric Holen Bjørdal (Ap) ser ut til å rykke opp til listetoppen på walkover, og i KrF er alt heilt ope.

Sjølvsagt er det vondt å bli vraka, både i eit nominasjonsmøte og på valdagen. Likevel er dette ein viktig del av demokratiet vårt.

Mangel på folkeleg deltaking i nominasjonsprosessane er ei av dei store utfordringane for demokratiet i Norge, og for tilliten mellom veljarar og dei folkevalde.

Her må partia våge tenkje nytt for å engasjere eigne medlemmar og få ein opnare og meir inkluderande prosess rundt nominasjonen av kandidatar.