Eit stort fleirtal trur ikkje at folk flest i Norge følgjer råd for å hindre spreiing av koronasmitte. At tilliten mellom oss er sviktande, er likevel kanskje det minst alvorlege.

Verre er det at når folk svarar slik i undersøkinga til Norsk koronamonitor, så byggjer det på realitetar – og det kan få alvorlege konsekvensar.

Tillitssvikten kan verke sjølvforsterkande og svekkje viljen til innsats.

«Winter is coming». Helseminister Bent Høie (H) sin referanse til Game of Thrones i pressekonferansen om koronasituasjonen fredag spelar på den smitteoppblomstringa vi har sett i det siste. Fleire store lokale smitteutbrot og ein generell smitteauke gir grunn til uro.

Den gradvise gjenopninga av samfunnet, stor reiseaktivitet og generell slitasje på innsatsviljen er forklaringa.

Kontrasten til dei tomme gatene i slutten av mars er stor. I butikkar og kjøpesenter, i utelivet og på privatfestar og i den daglege omgangen mellom folk har vi tatt eit langt steg tilbake til normalen.

Kriseforståinga er svakare enn i vår, og etterlevinga av tiltaka er dårlegare.

Faddarfestar som glir ut fortare enn alkoholen glir inn er ikkje det einaste dømet. Køen i svenske grensebutikkar same kveld som partileiarane torsdag debatterte koronasituasjonen på TV seier sitt.

Vi er ikkje lenger like skjerpa. Svært mange av oss leitar heller etter smotthola i regelverket eller argument for få unntak enn måtar vi kan gjere ein innsats. Reglar styrer oss meir enn resultat.

Det er difor ikkje rart at folk svarar det dei gjer i Norsk koronamonitor.

For helsestyresmaktene fortel dessverre dette noko meir. Det er langt lettare å skulke unna dugnaden om du ser – eller trur, at dei fleste andre gjer det.

Difor kan innstramminga helsestyresmaktene no prøver å gjennomføre, bli ekstra vanskeleg.

Vi er i ein betre situasjon no enn i mars.

Helse-Norge er langt betre rusta til å takle smitten no enn då, både med utstyr, beredskap og kompetanse. Kunnskapen om Covid 19 er også større, og kommunane har kraftig styrka sin kapasitet på både smittesporing og testing.

No er sommarferien over for alvor. Skulane er i gang att, og bussane blir pakka med arbeidspendlarar.

Svært mange hadde nok venta at Regjeringa fredag skulle gi råd om bruk av munnbind på all kollektivtransport. Rådet vart i staden forsiktig og avgrensa til Indre Østfold og trafikk i Oslo-området.

«Winter is coming».

Vi kan styre kor mørk og kald den blir.

Mørkast blir den om vi må gå på ei ny nedstenging.

Mykje tyder på at Regjeringa må skjerpe tonen og gi klare pålegg for å hindre at det skjer.