Brevet frå samtlege ordførarar i Møre og Romsdal til leiinga i Helse Midt Norge syner svekka tillit til det regionale helseføretaket. Brevet rettar ein sterk mistanke om at leiinga i føretaket ikkje har den naudsynte avstanden til leiinga ved St. Olav hospital i Trondheim.

I brevet skriv ordførarane at dei er "er svært urolege for at prosessen med å implementere ny finansieringsmodell, den såkalla Magnussen 2, no blir tilpassa og rigga til gunst for St. Olavs hospital på kostnad av innbyggarane i Møre og Romsdal. Vi fryktar at modellen ikkje blir gjennomført i tråd med Stortinget si innretning"

Det er vanskeleg å tolke dette annleis enn at ein her er nær ein direkte mistillit til Helse Midt.

Det er ikkje vanskeleg å forstå ordførarkorpset si uro. Gjennom ei årrekkje har det frå Helse Møre og Romsdal si side blitt peika på at måten pengane blir fordelt intern i Helse Midt har ført til at sjukehusa i fylket har fått ein for liten del av dei samla løyving til det regionale helseføretaket. Dette har vorte kontant avvist av leiinga og styret i Helse Midt. Svaret tilbake har i staden vore nye krav om kutt ved sjukehusa i Møre og Romsdal for å få drifta i balanse.

Så kjem den såkalla Magnussen 2- utgreiinga som langt på veg bekreftar at Helse Møre og Romsdal har hatt rett, når dei har sagt at sjukehusa i fylket er underfinansierte. Dei første reknestykka synte at Helse Møre og Romsdal skulle ha så mykje som 270 millionar kroner meir årleg til drift av sjukehusa. Dette talet har seinare blitt justert ned. Korleis fordelinga blir sjåande ut til slutt vil det pågåande arbeidet i Helse Midt avgjere. Det er positivt at alle ordførarane i Møre og Romsdal står samla bak kravet om at misforholdet i finansieringssystemet må rettast opp.

Dei tillitsvalde for overlegane ved sjukehusa i fylket gjekk i sommar ut og karakteriserte prosessen som kuppa av leiinga og det tunge fagmiljøet ved St. Olav. Vi er ikkje tvil om at det vidare arbeidet må følgast tett. Er det slik at det i dag er representantar frå St. Olav involvert i denne prosessen, så er det eit minstekrav at også leiinga i Helse Møre og Romsdal skal inn i dei arbeidsgruppene som Helse Midt har sett ned.

Skal ein klare å rette opp tillitssvikten som i dag er mellom Helse Midt og den politiske leiinga i Møre og Romsdal, må det vidare arbeidet med dette betente temaet skje på ein open og etterprøvbar måte. Ansvaret for at det skjer ligg til styret i Helse Midt.