Det er framleis mykje vi ikkje veit når det gjeld verknadar av koronaviruset og sjukdommen covid-19. Kunnskap er avgjerande for å overvinne pandemien og avgrense seinskadar. Derfor er det viktig at dei som har erfaring med sjukdommen blir lytta til.

I ein kronikk og artikkel i laurdagsutgåva av Sunnmørsposten fortalde to kvinner i Møre og Romsdal om sine erfaringar. Dei fekk høve til å gjere det anonymt, fordi dette er opplysningar som bør fram i det offentlege. Det er mange av dei som ikkje tilhøyrer risikogruppene som tek lett på smittetiltaka, fordi dei trur at dei i verste fall kan få ein lett influensa. Men sjukdommen er lunefull, og kan bli langvarig. Den kan ramme alle, uansett om ein er ung eller gamal.

Paul Garner, som er professor i infeksjonssjukdommar ved Liverpool School of Tropical Medicine, har sjølv stått fram som langtidssjuk med covid-19. Han har omtalt det som den verste sjukdommen han nokon gong har hatt, og meiner det er behov for meir kunnskap om etterverknadane. Når helsevesen, familie og arbeidsliv forventar at covid er ein influensasjukdom som går raskt over, er det viktig med informasjon om at viruset kan gjere folk sjuke i fleire månader. Legar i ulike land har begynt å oppdage seinskadar av koronaviruset. Hjarte, lunger, lever og blodomløp ser ut til å vere spesielt utsett for varige skadar.

I mars og april var det mange personar med milde symptom på korona som ikkje fekk høve til å teste seg, fordi helsepersonell måtte prioriterast når kapasiteten var knapp. Kronikkforfattarane ber festlegane vere merksame på at enkelte kan ha hatt covid-19 utan å ha fått diagnosen. Både av omsyn til den enkelte pasient og for å bidra til auka kunnskap om sjukdommen, bør dette takast på alvor. Langtidsverknadar bør kartleggast.

Forsking er nødvendig for å finne ut meir om både sjukdomsutvikling og immunitet, og det går føre seg studium av viruset i mange land. Ein omfattande italiensk studie viser at 2,5 prosent av befolkninga har antistoff med koronaviruset i blodet, skriv VG. Studien viser også at ein tredjedel av dei som fekk påvist antistoff i blodet, rapporterte at dei ikkje hadde hatt korona-symptom. Det alvorlege med dette, er at mange personar som er symptomfrie kan smitte andre utan å vere klar over det. Nettopp derfor er det så viktig at alle respekterer smittevernsreglane om avstand og hygiene, og ikkje bagatelliserer kampen mot viruset.