Den ukulturen som på nytt kom til overflata i samband med nominasjonsstriden i Trøndelag Arbeiderparti sist veke, er mildt sagt rystande. Mobbing, misbruk av makt, fyll, grovt prat og unge jenter som må vernast mot vaksne menn i baren på årsmøtefestar, høyrer ingen stad heime i eit politisk parti som kjemper for likestilling og trygge oppvekstvilkår. Sist veke stod Sandra Skillingsås (29) fram i Adresseavisen og fortalde om ubehageleg opplevingar, usunn festing og seksualisert kommunikasjon. Takka vere Skillingsås og andre modige AUF-medlemmer, er det sett søkelys på eit miljø som treng opprydding. Når avstanden mellom liv og lære blir så stor, er det behov for å slå alarm. Her trengst full utlufting og omfattande nedvask

I løpet av forrige veke vart det klart for alle at Trond Giske ikkje er rett person for dette oppdraget. Han har sjølv oppført seg i strid med det etiske regelverket i Arbeiderpartiet, og vore sentral i den ukulturen som er blitt avdekka. Fylkespartiet valde Ingvild Kjerkol til fylkesleiar, og no er det hennar ansvar å rydde opp.

Fylkespartiet i Trøndelag er ikkje det einaste laget som har vore prega av usunn festkultur. Tidlegare skulebyråd for Ap i Bergen Pål Hafstad Thorsen, omtalte kulturen i AUF i Bergen på 90-talet i eit innlegg på Facebook sist veke. Han skreiv at han fekk bakoversveis då han, med bakgrunn frå idretten, vart kjent med forholda i politiske organisasjonar. Miljøet var prega av flatfyll, rusing, seksuell trakassering, mobbing og null tillit mellom tillitsvalde.

Thorsen skreiv at i dei 25 åra han har vore medlem i Arbeiderpartiet har han sett og høyrt statsrådar, statssekretærar, byrådar, politiske rådgivarar, sentrale og lokale tillitsvalde og journalistar grovt utnytte tilliten til unge jenter og gutar. Han meiner at ein av årsakene til at dei politiske partia i Norge ikkje er blitt skvisa godt nok i Metoo-debatten, er fordi mediehus og journalistar ikkje har rydda i eige bol. Vi trur Thorsen dessverre har mykje rett i dette. Mediebedrifter har tatt fatt på oppryddinga i eigne rekker, men dette er eit arbeid som må gå føre seg kontinuerleg. Metoo handlar om misbruk av makt, både i arbeidsliv, politikk og organisasjonar. Det er ikkje berre Trøndelag Arbeiderparti som har ein jobb å gjere.