Sunnmørsposten meiner

«Hurtigruta i ureint farvatn»

Hellesylt: Hurtigruta "Fridtjof Nansen" på Hellesylt. Dei har selga inn i ureint farvatn når reiarlaget har vald å ha mannskap frå Fillipinene.  Foto: Terje Engås

Leder

Hurtigruta har segla inn i ureint farvatn når den har klappa til kai i Hellesylt som hotellskip med mannskap frå Filippinane. Med det katastrofale cruiset reiarlaget nyleg gjennomførte til Svalbard friskt i minne, er det oppsiktsvekkande at dei vågar tøye grensene slik det no som ser ut som dei gjer.

Ekspedisjonsskipet Fridtjof Nansen skal fungere som hotellskip for filmarbeidarar som jobbar på Tom Cruise-filmen «Mission: Impossible». Skipet har mannskap frå Filippinane, noko reiarlaget kan gjere fordi dette skipet er registrert i NIS (Norsk internasjonalt skipsregister).


Hurtigruten anmeldt for lovbrudd

Fellesforbundet og Sjømannsforbundet har anmeldt Hurtigruten for brudd på utlendingsloven om bord på skipet Fridtjof Nansen. Hurtigruten avviser lovbrudd.


Usemja er om dette skipet er leigd ut til produksjonsselskapet bak filmen, eller om det er å rekne som eit skip som ligg til kai for å fungere som eit hotell. Sjøfartsdirektoratet meiner dette ikkje er eit brot på NIS- regelverket. Norsk Sjømannsforbund meiner det motsette.

Det bør bekymre reiarlaget at ei rekkje stortingspolitikarar no reagerer på framgangsmåten. Frp-nestleiar Sylvi Listhaug er ein av dei. Ho meiner ein bør forvente meir av eit selskap som årleg får fleire hundre millionar kroner av skattebetalarane sine pengar for å frakte folk og gods langs kysten.

Osgå i Arbeidarpartiet vekkjer det reaksjonar. Dei karakteriserer det som cowboy-kultur, og næringsminister Iselin Nybø må no svare på spørsmål rundt reiarlaget si avgjerd.



Meir enn 70 personar fekk koronasmitte under cruiset til Svalbard, og det er i ettertid blitt avdekt store feil og manglar ved måten den situasjonen vart handtert på av reiarlaget. At dei no igjen kjem i søkjelyset gjer at ein må stille spørsmål rundt dømekrafta til leiinga i selskapet.

Hurtigruta mottek kvart år meir enn 800 millionar kroner frå staten for å utføre seglingane frå Bergen til Kirkenes. Dei har ei av dei sterkaste merkevarene innan norsk turistnæring, og er ein institusjon langs kysten. Dei hendingane vi har sett dei siste vekene bryt med den tilliten svært mange har hatt til reiarlaget, og vi skjønar det blir stilt spørsmål med kva samfunnsansvar dei tek når ein veit at selskapet har ei rekkje norske sjøfolk ute i permisjon.


Nybø kritisk til Hurtigrutens bruk av MS Fridtjof Nansen

Næringsminister Iselin Nybø (V) vil ha lovendring som følge av Hurtigrutens utleie av ekspedisjonsskipet Fridtjof Nansen til filmproduksjonen i Møre og Romsdal.


Rederiforbundet har i mange år arbeida aktivt for å utvide seglingsområdet for skip registrert i NIS. Dette fekk dei til slutt eit fleirtall på Stortinget med på, med den grunngjevinga at ein ønska at fleire reiarar flagga skip heim. Hurtigruta utfordrar no det politiske fleirtalet som stod bak den avgjersla.

Slik kan det Hurtigruta no gjer få konsekvensar også for andre deler av skipsfarten her til lands.