Hat kan ikkje fordrivast med vald. Demonstrasjonane mot Sian dei siste vekene har aktualisert dette. Den fredelege måten demonstrantane i Ålesund og Volda protesterte mot organisasjonen fortener å bli framheva, som ein kontrast til det valdelege bråket i Bergen og Oslo. I Bergen vart leiaren for «Stopp islamiseringen av Norge» (Sian), Lars Thorsen, slått til blods av rasande demonstrantar, og i Oslo utvikla demonstrasjonen seg til valdeleg plyndring og åtak på politiet. Valden og uroa gav Sian stor merksemd, og mange nye medlemmar. Det er tragisk.

I Ålesund viste demonstrantane sin motstand mot Sian ved å snu ryggen til dei. I Volda hadde mange møtt opp for å vise motstand, og då Sian starta si markering, forlèt dei staden i samla flokk. Orda «Kjærleiken er større enn hat», var rissa inn med krit på asfalten, og det var denne bodskapen som vart formidla frå den nesten folketomme plassen i Volda sentrum. Motdemonstrantane samla seg i Uppheimparken og laga ein spontan protestfest, der både unge og gamle, kristne, muslimar og ateistar var samla for å feire likeverd og fellesskap. Desse fredelege markeringane viser at det går an å protestere mot Sian, utan å gi organisasjonen vind i segla.

Det problematiske med Sian er ikkje at dei kritiserer islam, men at dei har ein hatefull retorikk mot muslimar. Det er ein avgjerande forskjell på islamkritikk og muslimhat. Det første er heilt legitimt, det andre skal aldri aksepterast. Sian har kryssa denne grensa, og derfor er det all grunn til å ta avstand frå organisasjonen.

Sian provoserer for å oppnå mediemerksemd, som då Fanny Bråten reiv ut sider frå Koranen og spytta på dei under demonstrasjonen ved Stortinget nyleg. Det ho gjorde var barnsleg og vart opplevd som krenkande av mange, men likevel var det ei heilt lovleg ytring.

Enkelte prøver å forsvare dei valdelege åtaka til motdemonstrantane i Bergen og Oslo med å seie at folk må ha forståing for at ungdommar kan bli aggressive når Koranen blir trakka på. Men ein slik argumentasjon er livsfarleg. Det er menneske som skal vernast, ikkje ideologiar og religionar. Sist veke starta rettssaka mot dei som var involverte i åtaket på satiremagasinet Charlie Hebdo i Paris. På nytt blir vi minna om at religiøs krenking aldri kan rettferdiggjere vald. Hat skaper hat, og vald avlar vald. Det er den sirkelen som må brytast.