Kvart einaste år dei siste 15 åra har talet på elevar som droppar heilt ut av vidaregåande utdanning gått ned. Ikkje eitt einaste år har det vore tilbakeslag.

Tett på åtte av ti som starta utdanninga i 2013 hadde i fjor fullført løpet. Aldri tidlegare har tala vore betre.

Likevel er det eit stykke att til målet. Den siste kneika kan bli tung, men vi har ikkje råd til å la slakke av på tempoet.

Framleis er det ein femtepart av elevane som ikkje fullfører vidaregåande skule. For yrkesfaglege utdanningsprogram er dette talet svært mykje høgre enn for studieførebuande utdanning.

Nær kvar tredje elev i yrkesfag står utan fullført og bestått utdanning seks år etter skulestart. Nær ein av ti i denne aldersgruppa er dessverre korkje i jobb eller under opplæring.

Det er dystre tal, først og fremst for dei dette gjeld, men også for samfunnet.

Norge er eit høgkostland. Utdanning og kompetanse betyr stadig meir for vår konkurransekraft. For den enkelte kan dette vere avgjerande for få varig fotfeste i arbeidslivet. Langtidsledigheit blant unge er ei av dei store utfordringane våre.

Særleg i dårlege tider, slik som krisa vi står i no, blir unge utan utdanning og formell kompetanse blant dei som først blir kasta ut i arbeidsløyse.

Nedstenginga av samfunnet i vår råka i særleg stor grad bransjar der unge er overrepresentert. Framleis har vi høg arbeidsløyse, og framleis er svært mange unge utan arbeid.

For den som har lite arbeidslivserfaring er vegen tilbake til arbeidslivet tyngre enn for mange andre. Dei som i tillegg ikkje har fullført utdanning eller annan formell kompetanse, er den ekstra tung.

Unge som tidleg blir ståande lenge utanfor skule og arbeidsliv har ein langt høgre risiko enn andre for varig utanforskap. Å ikkje ha ein jobb kan vere både ein personleg og økonomisk tragedie. Det som startar som eit arbeidsløyseproblem kan utvikle seg som eit helseproblem.

Difor er det særleg viktig i krisetider å ta grep for å hindre langtidsledigheit blant unge. Høvet til å gjennomføre kompetanseheving i permitteringstida – mellom anna for å fullføre fagbrev eller vidaregåande utdanning, er eitt positivt døme på slike tiltak.

Den viktigaste jobben vi gjer, er likevel ikkje skippertaka i ei krisetid. Langsiktige tiltak for å få stadig fleire til å fullføre vidaregåande utdanning er den viktigaste investeringa vi gjer for desse unge.

Vi er godt på veg, men vi må setje inn ekstra kraft i den siste kneika.