Hastverket med å utvikle vaksinar mot covid-19 har vi for å berge liv, ikkje for å avgjere presidentval eller byggje nasjonal sjølvkjensle. Når politisk prestisje vert kasta inn i vaksinekappløpet, kan det vere farleg.

Forhasta godkjenning av vaksinar kan setje liv og helse i fare på meir enn ein måte.

Det første høgnivåmøtet i rådet som skal sikre globalt rettferdig fordeling av koronavaksinar, medisinar og testutstyr vart halde torsdag. Erna Solberg deltok på møtet saman med blant anna FN sin generalsekretær, leiaren for WHO og EU sin utanrikskommissær. Norge skal saman med Sør-Afrika leie rådet.

Solberg uttalte etter møtet at verda står framfor ei formidabel utfordring, og seier det kan vise seg uråd å finne ei felles, fast løysing for fordelinga.

Arbeidet med å utvikle effektive vaksinar er nemleg ikkje berre ein intens konkurranse mellom farmasøytiske gigantar. Dette blir også sentralt i det geopolitiske spelet, i kampen mellom fattige og rike land og i avgjerande nasjonale politiske slag.

Fleire rike land og alliansar av land har allereie brukt gigantsummar på å sikre seg tilgang til vaksinar som dei enno ikkje veit blir effektive. Bakarst i denne køen står fattige land utan økonomiske musklar, utviklingsmiljø eller eigen produksjonskapasitet.

For selskapa som utviklar vaksinane handlar dette om potensielt enorme inntekter eller tap. Politisk er prestisjen for vinnaren minst like stor. Vladimir Putin har allereie triumferande innkassert sigeren i kappløpet. Svært mange medisinskvitskaplege miljø og organisasjonar, inkludert WHO, er derimot svært skeptisk til måten ein har kutta svingane for å krysse mållina først.

I USA er vaksinekappløpet blitt sentralt i presidentvalkampen. Kampanjen til Donald Trump bankar no inn bodskapen om at pandemien er under kontroll, og at ein vaksine kan vere klar om mindre enn åtte veker.

Slik politisering av arbeidet med å utvikle vaksinar som kan overvinne Covid 19-pandemien kan gjere stor skade.

I dette bildet er det tryggleik i at ni av dei store farmasøytiske selskapa denne veka gjekk ut i ein felles uttale om at dei vil la vitskapen kome først. Det same er avgjerda til AstraZeneca og Oxford University om å sette på pause sin vaksine etter urovekkjande funn i testinga.

Verda skrik etter vaksine i kampen mot covid-19, men den må vere trygg.

Politikarane si oppgåve er å støtte utviklinga av vaksinar og leggje til rette for ein effektiv og rettferdig fordeling, ikkje å presse uferdige vaksinekandidatar fram.

Vaksineskeptikarane har mange nok tilhengjarar om dei ikkje skal få fleire med slik politisering av vitskapen.