I juli kunne ein få inntrykk av at ferierande nordmenn berga reiselivet frå koronakrisa. Mange stadar, blant anna i Ålesund, var det knapt eit hotellrom å oppdrive.

Tala fortel ei heilt anna historie for 2020. Ein analyse frå NHO slår fast at norsk reiseliv har tapt heile 30 milliardar i inntekter dei sju første månadane i år. Hausten byr ikkje på noko lysning.

Tvert om. Yrkestrafikken og marknaden for kurs og konferansar gjer at det ser bekmørkt ut. Behovet for krisehjelp er skrikande.

Reiseliv og transport er mellom dei bransjane som er absolutt hardast råka av koronapandemien. Reiserestriksjonar og karantenereglar slo i vår botnen heilt ut av marknaden. Kurs, konferansar og konsertar vart avlyst, og folk slutta å reise.

Ved utgangen av mai var nær ein tredel av arbeidsstyrken i reiseliv og transport registrert som arbeidssøkarar hos NAV. I dag er dette redusert til knapt ein tiandepart, men framleis toppar bransjen NAV-statistikken.

Nordmenn på ferie i heimlandet fylte opp hotell, campingplassar og restaurantar i nokre veker i sommar, og mange i bransjen jubla.

Men rushet tok slutt like kjapt som det starta. Året sett under eitt monna dette lite.

Bortfallet av utanlandske turistar og innanlandsk yrkestrafikk er det som dominerer året. Størst utslag gjer tapet av utanlandske turistar med nær 25 milliard i tapte inntekter frå januar til og med juli. Og norske reisande har lagt att over 10 milliard mindre enn i fjor.

I dag er det ingen jubel å høyre frå bransjen. Sjølv med dei mest positive scenaria vil hausten og vinteren bli svært krevjande. Det vil ta tid før folk byrjar å reise som før.

Samstundes er kompensasjonsordninga som har gitt bedrifter i reiselivet til saman 1,2 milliardar i krisetilskot, er skrota frå 1. september. Ei ny ordning er enno ikkje på plass.

Sjølv om regjeringa har lova at nye, målretta tiltak vil kome i løpet av hausten, er dette kritikkverdig. Dette skaper både akutte problem for enkeltbedrifter og usikkerheit for ein bransje. «Respektlaust», meiner adm. direktør Kristin Krohn Devold i NHO reiseliv.

Unødvendig og klønete er det også. Dette både kunne og burde ha vore ugjort.

Regjeringa må rette opp feilen ved å få innhaldet i ein ny krisepakke raskt på bordet, og den må ha kraft nok til å berge næringa gjennom denne krisevinteren.

Elles kan mange bedrifter i transport og reiseliv kome til å bukke under. Livsverk og arbeidsplassar vil gå tapt, og lokalsamfunn der reiselivet er ein berebjelke kan verte hardt råka.