Klimautfordringane er globale og må løysast globalt. Det betyr ikkje at Norge kan sitje med hendene i fanget og vente på at andre løyser dei, like lite som at vi kan løyse ei åleine.

Vi må ta vår del. Det blir like feil å stritte imot som å stengje oljenæringane over natta.

Begge ytterpunkt kan gjere stor skade for norsk næringsliv, arbeidsliv, velferd – og klimaet.

Ganske ofte er nemleg det litt kjedelege kompromisset den beste og mest farbare vegen.

Vi er nøydde til å omstille norsk økonomi. Ikkje berre fordi vi må kutte i klimautsleppa våre, men også fordi det er med på å sikre vår konkurransekraft, verdiskaping og velferd.

Tviheld vi på den petroleumssmurte økonomien, vil vi raskt hamne i bakleksa. Omstillinga er nemleg i full gang i landa som er våre viktigaste handelspartnarar og konkurrentar.

Samstundes må vi innsjå at verda sitt energibehov er veksande trass i det store pandemi-fallet i år. Fossile energikjelder kjem til å ha sin plass i lang tid framover, sjølv om dei gradvis vik plass for fornybare energikjelder.

Når Venstre sin programkomite foreslår at Norge skal stoppe all oljeleiting, betyr det først og fremst nei til arbeidsplassar, ringverknadar og skatteinntekter. Det vil ikkje gjere noko med det grunnleggjande: Etterspurnaden etter fossil energi.

I same klasse kjem angrepet mot Høgre frå Frp sin energi- og miljøpolitiske talsperson, Jon Georg Dale. Han kallar det ei venstrevriding når den nye nestleiaren, Tina Bru, vil gjere Høgre grønare. Han skuldar Høgre for å freiste å ri to hestar.

I går hadde Pareto si årlege energikonferanse. Meklarhuset har vore svært aktive innan oljesektoren i mange år. I år ser det ut til at inntektene deira frå fornybarsektoren for første gong blir større enn frå olje. Pareto-sjef Christian Jomaas er klar på at det ville gått nedover med dei om dei berre skulle satsa på olje og gass.

På konferansen deltok også Aker og Kjell Inge Røkke. Aker er tungt inne i olje og gass, men har allereie tatt milliardgevinst på aksjane i to nye, grøne Aker-selskap. Aker har som mål å ta same posisjon i fornybar energi som dei i dag har i olje og gass.

«Ikke hør på hva jeg sier, men på hva jeg forsøker å si», sa Røkke i sitt innlegg.

Enda betre: Sjå kva han gjer. Eller kva Pareto gjer. Eller kva BP, Shell, Chevron, Total, Equinor eller Exxon gjer. Alle satsar tungt på fornybar energi med musklane dei har frå petroleumssektoren i ryggen, ikkje fordi dei er naive idealistar, men fordi dei må.

Det er dumt av Norge å ikkje følgje same strategi.

Derfor er det lurt å satse på to hestar. Det er ikkje dei politiske ytterpunkta, men dei kjedelege kompromissa som til slutt kjem til å føre oss dit vi vil. Eit berekraftig fornybarsamfunn.