Mange funksjonshemma blir utsette for diskriminering i det daglege. Ei undersøking publisert av Statistisk sentralbyrå i 2017 viste at unge funksjonshemma opplever langt lågare livskvalitet enn jamaldrande. Sjølv om det er brei støtte i samfunnet for at funksjonshemma skal ha dei same mulegheitene som alle andre, så er det langt igjen før dette målet er nådd. Diskrimineringa er ikkje alltid synleg, men av og til kjem grumset til overflata.

Vi fekk eit lite glimt av det då det vart kjent at idrettsutøvar Birgit Skarstein (31) skulle delta i haustens «Skal vi danse» på TV2, som den aller første rullestolbrukaren i programmets 15 år lange historie. Mange av reaksjonane i sosiale medium var svært negative. Ho vart skulda for å øydelegge programmet, at slike som henne burde ha sitt eige program, og at ho ikkje hadde nokon dansekropp. Skarstein uttalte at det var sårande å bli redusert til eit sett med hjul. Ho kunne leve med hetsen for sin eigen del, men ville ikkje at andre unge funksjonshemma skulle bli skremde frå å leve det livet dei ønskjer. Derfor tok ho til motmæle.

Den dyktige parautøvaren har ikkje berre vist at ho kan danse, men at ho også kan ta dansen til nye høgder. Saman med dansepartnar Philip Raabe har ho skapt magiske opplevingar av kreativitet og danseglede. Dans er meir enn å flytte på beina. Dans er rytme, samspel, flyt og glede. Ein dansekropp er ein kropp som dansar.

I eit lesarinnlegg i Aftenposten nyleg skreiv Marianne Knudsen (20) at ho gret då ho såg Birgit Skarstein danse. Ho gret ikkje fordi ho tvilte på at Birgit Skarstein høyrde heime på dansegolvet eller om ho kunne danse. Tvert i mot. Ho gret fordi det var eit gjennombrot i likestillingshistoria til funksjonshemma. Knudsen, som sjølv er funksjonshemma, veit kva det vil seie å oppleve diskriminering, og kva det kostar å stå i bresjen, fremje likestilling og prøve å endre haldningar.

Takk til Skarstein som har tatt likestillingskampen eitt steg vidare. Uansett korleis det går vidare i konkurransen, så har ho vunne ein viktig siger. Ho har opna nye dører, og bana veg for andre unge som har trudd at dei ikkje passar inn på dansegolvet, eller elles i samfunnet. Birgit og Philip har gjort dansen til ei feiring av likeverd.