Regjeringa ville ha matlukta tilbake på sjukeheimane, men kommunane slit med å få opp dampen. Nesten ingen av dei har vist interesse for å søkje tilskotet staten gir.

Berre fire kommunar har så langt søkt, og Husbanken har delt ut berre kvar fjerde tilskots-krone.

Med dette tempoet kan det ta lang tid å nå målet regjeringa har sett.

Tendensen dei siste tiåra er at kommunane har sentralisert produksjonen av mat til sine institusjonar eller sett dette ut på anbod. Målet har vore effektivisere for å spare kostnader.

I dag er mat frå sentrale storkjøken vanleg for svært mange av dei rundt 40.000 som bor på sjukeheimar. Fire av ti norske sjukeheimar har ikkje kjøkken der det blir produsert varmmat. Då er det ikkje berre matlukta i korridorane som kan gå tapt.

Problemet med underernæring i norske eldreinstitusjonar er betydeleg. Ei medverkande årsak til dette kan vere at det er vanskeleg å kunne tilby eit godt, individtilpassa kosthald. Plastpakka mat som skal varmast i dampomnar av helsepersonell som allereie er under hardt arbeidspress, blir heller ikkje alltid like innbydande.

Med eit kjøkken lokalt på institusjonen kan dette løysast betre.

Tilskotsordninga som vart innført i fjor er ein del av kvalitetsreforma for eldre, «Leve hele livet». Pengane skal brukast til renovering eller etablering av kjøkken ved eksisterande eldreinstitusjonar.

Dåverande eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug (Frp) la først 12,5 millionar på bordet i revidert budsjett. I statsbudsjettet for 2020 vart dette auka til 100 millionar over fire år. I tillegg til direkte tilskot frå Husbanken, får kommunane også momskompensasjon, slik at dei står att med berre 40 prosent av den samla rekninga.

Likevel er det altså så langt berre delt ut 25 millionar til tre kommunar, ein kommune ventar framleis på svar.

Ei viktig årsak til den labre interessa er truleg at kommunane fryktar auka driftskostnader. Det er ei høgst reell problemstilling. I mange kommunar handlar kvardagen om å få mest mogeleg ut av kvar omsorgskrone.

Ein desentralisert kjøkkenmodell krev mellom anna meir personell. Det kostar pengar.

Tanken om å få lukta av kjøttkaker tilbake i korridorane er i utgangspunktet god, men når kommunane står i valet mellom årsverk til matlaging eller pleie, blir valet enkelt.

Skal målet om å få matlukta tilbake i sjukeheimane bli noko anna enn eit slagord i fleirtalet av kommunane, må det ein større del av dei auka driftskostnadane også få finansiering.