Når Jonas Gahr Støre (Ap) lovar det største distriktspolitiske løftet sidan 70-talet, har årsaka til det eit namn: Senterpartiet. Senterpartiet sin veljarsuksess både lokkar og skremmer.

For sjølv om dei to partia er knytt saman med sterke raud-grøne band, toler no ikkje Støre å tape fleire distriktsveljarar, heller ikkje til sin nære allierte.

Kampen om veljarane i distrikta seglar opp som eitt av dei store slaga fram mot valet neste år. Det partiet som ikkje stiller med skarpslipte våpen der, kan få det tøft på valdagen.

Då Støre presenterte utkast til nytt partiprogram fredag, løfta han blant anna fram kampen for å snu sentraliseringa. Fredric Holen Bjørdal frå Volda har her leia arbeidet med å forme ein ny distriktspolitikk. Den lovar blant anna fleire statlege arbeidsplassar, styrka lokalsjukehus, meir nærpoliti og ei dør på gløtt for fylke som vil ut av tvangsekteskap.

Også i andre politikkområde ligg godbitar som garantiar for hurtigruteanløp og vidare utgreiing av Nordnorge-banen tett.

Det store spørsmålet er om lovnadane er nok.

Partiet som hadde «By og land, hand i hand» som sitt slagord sidan 1933, blør nemleg no kraftig på bygdene og kjenner pusten av Sp i nakken i tidlegare Ap-bastionar. Tendensen var klar alt ved førre stortingsval, og er forsterka i dei ferskaste målingane ifølgje nettstaden Poll of Polls.

I Finnmark sikra Arbeidarpartiet seg så seint som ved valet i 2009 over 45 prosent av stemmene og Senterpartiet fattige 4,3. Den siste målinga i fylket gav Ap så vidt over 27 prosent og Sp 23. I Troms er dei to jamstore, medan Senterpartiet er større enn «storebror» både i Nordland, Nord-Trøndelag.

Det same var tilfelle på fylkesmålinga for Møre og Romsdal i sommar, og i heimfylket Hedemark kunne Trygve Slagsvold Vedum i september for første gong sjå Ap bak seg.

Senterpartiet sin suksess kan forklarast som ein reaksjon på fleire av regjeringa sine store reformer.

Det forklarer ikkje Ap sin tilbakegang.

Arbeidarpartiet har ikkje klart å utnytte sin posisjon som den største utfordraren til Høgre. Ein svak distriktsprofil og lekkasje av veljarar til Senterpartiet er ein viktig del av forklaringa, i alle fall på bygda.

Støre er avhengig av å stoppe denne lekkasjen. Han kan godt bli statsminister utan å stoppe den, men då med eit sterkt og sjølvsikkert Senterparti som vil ta langt større plass ved si side enn det dei gjorde i den føre raud-grøne regjeringa.

Slikt blir det mindre Ap-politikk av, og slik blir det vanskelegare å regjere.