At det har gått betre enn frykta betyr ikkje at det går bra. Vi kan ikkje slappe av, korkje på smittevern, økonomiske krisepakkar eller styrke i omstillingsarbeidet.

Korona-dugnaden må vidareførast for fullt med deltaking frå styresmakter, næringsliv og kvar enkelt av oss.

Berre slik kan vi kome mest mogeleg velberga gjennom den verste krisa, og berre slik kan vi kome ut av den med ny kraft.

NHO la i går fram ein ny rapport for utviklinga i økonomien. Hovudkonklusjonen er at vi har kome betre frå koronakrisa enn det såg ut til då den førre rapporten vart lagt fram.

Konsekvensane i arbeidsmarknaden vart mindre alvorlege enn frykta. Dessutan kom oppsvinget like kjapt etter gjenopninga i sommar som fallet gjorde etter nedstenginga i vår for mange bransjar.

Ein ekstremt ekspansiv budsjett- og pengepolitikk med rentekutt og massive statlege krisepakkar er medisin som har verka.

Den som tolkar dette som at vi frå no av berre har opptur framfor oss, står likevel i stor fare for å bomme grovt. Fleire bransjar, slik som kultur og fritid, reiseliv og transport, har det framleis svært tøft.

To av ti bedrifter i NHO si undersøking svarer at dei planlegg å seie opp folk. Andelen som seier dei har nedbemanna, aukar også. Framover er det knytt stor uvisse til korleis ei ny smitteoppblomstring vil slå ut.

Dessutan ligg både mangel på ei endeleg Brexit-løysing og tilspissing i handels- og teknologikrigen mellom USA og Kina framleis som mørke skyer i horisonten. Dei offentlege finansane i svært mange land er også dramatisk svekka.

Alt dette kan gjere sitt til at oppturen kan kome til å gå tyngre i åra framover enn i dei siste månadane. Effekten av krisa kan bli merkbar lenge etter at sjølve pandemien har kome under kontroll.

Dette stiller store krav til oss.

Mest akutt er det no at vi tek smittevernet på alvor, slik at vi hindrar nye, svært inngripande smitteverntiltak. Så må statsbudsjettet neste veke spegle at det er eit land med solide statsfinansar og musklar til å halde ut med krisa også i den lange distansen.

Det er ikkje no vi skal spare pengar, men vi kan heller ikkje sløse.

Til skilnad frå akutthjelpa i april er det no tid for å meir målretta tiltak for omstilling. Det vil vere kortsiktig å gå tilbake til gårsdagens økonomi.

No må vi sikre oss god fart ut frå startblokka når Covid 19-krisa er over til ein meir berekraftig økonomi. Berre slik kan vi sikre framtidig velferd og god motstandskraft mot nye kriser.