For å bli ein god lesar, er det nødvendig med trening. Gode leseferdigheiter er avgjerande for at elevar skal klare seg på skulen, ikkje berre i språkfag som norsk og engelsk, men også i matematikk og naturfag. Barn og unge som er svake lesarar har dermed eit dårleg utgangspunkt for å klare seg i samfunnet, og dette er det vesentleg å gjere noko med.

Pisa-undersøkinga frå 2018 viser at ein av fem norske elevar presenterer under nivå 2 i lesing, det vil seie at dei er under den nedre grensa for kva elevar burde ha av kompetanse for vidare skulegang. Tal frå den internasjonale undersøkinga av lese- og talforståing (PIAAC) viser at om lag 12 prosent av norske vaksne er svake lesarar, og dette svarar til rundt 400.000 personar. Det er ein samanheng mellom grunnleggande ferdigheiter i lesing og skriving, og deltaking i arbeidslivet. Utanforskap har enorme kostnadar, først og fremst i form av svekka livskvalitet for den enkelte som ikkje finn seg til rette i arbeidslivet, men også for samfunnet som går glipp av verdifull arbeidskraft.

Internasjonal forsking viser at bruk av skulebibliotek i undervisninga gir målbare positive effektar. Det er vesentleg for elevars prestasjonsnivå at dei har tilgang til skulebibliotek av god kvalitet. Elevar som lærer å bli glade i å lese, har ein stor fordel i all vidare utdanning. Gode skulebibliotek fremmer leselyst og leseglede for ulike aldersgrupper, og er gode møteplassar for både dialog og fellesskap.

På bakgrunn av dette er det oppsiktsvekkjande at det nasjonale opplæringslovutvalet foreslår å fjerne omgrepet skulebibliotek i forslaget til ny opplæringslov. Formuleringa om at elevane skal ha tilgang på skolebibliotek, er foreslått bytta ut med at kommunen og fylkeskommunen skal sørge for at elevane har tilgang til eit bibliotek. På papiret kan dette virke som ei lita endring, men i praksis kan skilnaden bli stor. Folkebibliotek og skulebibliotek har ulike oppgåver, og kan utfylle, men ikkje erstatte, kvarandre.

I Norge har skulebibliotek hatt ein svak posisjon, og det er det viktig å gjere noko med. I fjor løyvde regjeringa 14 millionar kroner til skulebibliotek nettopp for å fremme leselyst og leseglede mellom barn og unge. Støtta til skulebiblioteka har vore ein viktig del av regjeringa si satsing på tidleg innsats for barn og unge, og denne satsinga må vidareførast og styrkast – ikkje svekkast.