Norge skal vere ein leiande havnasjon. Det er også regjeringa sitt uttalte mål. Det kan det likevel vere vanskeleg å tru på når ein les regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett.

Ikkje berre saknar budsjettframlegget spor av målretta tiltak som kan hjelpe ei maritim næring i krise. Tvert om så foreslår regjeringa å kutte i nettolønnsordninga, ei ordning som skal sikre norske sjøfolk på norske skip.

Det er eit dårleg signal, og det vitnar om uforstand.

Havnæringane står for nær halvparten av verdiskapinga i Møre og Romsdal. Maritimt næringsliv står for ein vesentleg del av denne. I tillegg kjem ringverknadane for anna næringsliv.

Når denne næringa er i krise, så er det derfor alvorleg for svært mange – langt fleire enn dei som har sitt arbeid der.

I denne situasjonen lar altså regjeringa vere å lytte til næringa si bøn om hjelp til å kome gjennom krisa den står i, ei krise som starta med då oljeprisen stupte i 2014 og har vorte forsterka med koronapandemien.

Ingen krisetiltak som er særleg retta inn mot det maritime næringslivet er foreslått. Tvert om foreslår den å kutte i nettolønnsordninga for å spare 127 millionar årleg.

Det er ikkje første gongen nettolønnsordninga har vore truga. Heilt sidan den vart etablert på 90-talet har den vore både omstridd og omdiskutert. Då den endeleg vart lovfesta i 2017, var det difor mange som pusta letta ut.

Endeleg skulle vi få ei føreseieleg ordning som trygga norske arbeidsplassar på norske skip. Ei kampsak som sjømannsorganisasjonane, reiarane og store delar av maritimt næringsliv hadde stått saman om, var endeleg i hamn.

Berre tre år etter at dette skjedde, foreslår altså regjeringa å kutte i den ved blant anna å fjerne den for NIS-lasteskip i utanriksfart.

Det skjer i eit år Norges Rederiforbund ventar ein rekord i talet på skip i opplag. Kuttet svekkjer rammevilkåra for norske sjøfolk sterkt, og gjer det vanskelegare for skipa å kome ut av bøyene.

I møtet med ei næring som er i kneståande, er mangelen på krisetiltak umusikalsk. Kuttet i nettolønnsordninga gjer klangen ekstra hol.

Resultatet blir at vi får færre norske sjøfolk. På lang sikt vil det svekkje den samla kompetansen som utgjer styrken i den maritime klynga. Slik blir målet om å ta ein verdsleiande posisjon som havnasjon, vanskelegare å nå.

Det burde regjeringa forstå heilt av seg sjølv berre ved å lese regjeringsplattforma eller eigne partiprogram.

No ser det ut til at dei må få Framstegspartiet si hjelp.